Amarettikjeks

[dropcap]A[/dropcap]maretti er italienske makronkjeks som er laga av eggekviter, sukker og mandelmjøl. Opprinneleg skal dei innehalde Amaretto som er ein italiensk mandellikør, men sidan eg ikkje hadde det brukte eg mandelessens. Kjeksa ser kanskje ikkje så spennande ut, men smaken er nydeleg. Sprø og knasande tekstur med god smak av mandel.

Kjeksa får du kjøpt i ein del daglegvarebutikkar, men eg  har lenge hatt lyst å lage mine eigne. Smaken blei utruleg god og konsistensen akkurat så knasande sprø som den skal vere. Amarettikjeks kan du ete slik som dei er saman med ein kopp kaffe, knuse dei over iskrem eller bruke dei i kaker og dessertar. Oppskrifta her gir ein ganske stor porsjon (eg fekk heile 100 stk!) og er super å oppbevare på glaskrukker. Har du amarettikjeks ståande klar har du eit godt utgangspunkt for å raskt mekke saman gode og enkle dessertar på kort varsel.

DSC_0877

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 100 stk amaretti:

  • 250 g mandelmjøl (av mandlar med skalet på)
  • 250 g rørsukker
  • 135 g eggekviter, romtempererte
  • 1 klype salt
  • 150 g sukker
  • 2-3 ts mandelessens

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 140 ºC.

Ha mandelmjøl og rørsukker i ein foodprocessor og kjør blandinga til alt er fint blanda saman. Ha eggekviter og salt i ein rein bolle og pisk det i kjøkkenmaskin på lav hastigheit til det begynner å skumme. Sett deretter opp hastigheita litt og pisk til det begynner å danne seg toppar. Fortsett å piske medan du tilsetter sukkeret sakte i to-tre omgongar og piskar godt mellom kvar gong. Når alt sukkeret er tilsatt fortsetter du å piske til alt sukkeret er oppløyst og du har ein glatt og skinnande marengs. Marengsen bør ha blitt piska i ca. 10 minutter til saman for å vere stabil nok, litt liknande marengs til franske makronar. Tilsett mandelessens og pisk marengsen på full hastigheit i 1-2 minutter. Deretter har du i mandelmjøl-og rørsukkerblandinga og vender det forsiktig inn i marengsen med ein slikkepott. Bland det saman til alt er fint fordelt, men ikkje rør for mykje i blandinga. Røra skal framleis vere tjukk og luftig.

Ha røra over i ein sprøytepose med rund opning og sprøyt ut små toppar på ca. 2-3 cm bredde på bakepapirkledd steikebrett. La det vere nokre få cm mellomrom mellom kvar av dei, sjølv om dei ikkje spreiar seg så alt for mykje utover under steiking. Sett midt i ovnen og la steike i ca. 30 minutter. Då skal dei vere sprø på utsida og løsne lett frå underlaget. La dei avkjøle seg litt på steikebrettet før du flyttar dei over på ei rist for å kjøle seg ned heilt. Oppbevar dei på tett glas eller kakeboks.

DSC_0891

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*