Andebryst med appelsinhonningsaus & søtpotetpurè

DSC_0060

Ein av mine store favorittar når det kjem til kjøtmiddagar er andekjøt. Den karakteristiske smaken skiller seg ut frå alt anna og det er slik eg likar det.

I Frankrike er andekjøt eit mykje brukt produkt, og ikkje utan grunn. Det gode fettlaget under skinnet smeltar vekk under riktig steiking og gir ein utruleg god smak og kjøtet er mørt og smakfullt.

Her har eg kjøpt ei heil and og skjært ut brystfiletane, lår og vingar er fryst ned til ein annan middag, og så har eg kokt kraft på skroget. Krafta er god både til supper og til å lage gode sausar av.

Ingrediensar for andebryst og tilbehør for 2:

  • 2 brystfiletar av and (med skinn og feitt)
  • salt & peppar
  • tørka timian

Søtpotetpurè:

  • 1 stor søtpotet ( ca. 500 g)
  • ein skvett fløte
  • smør
  • 1 klype muskatnøtt, malt
  • salt & peppar

Appelsinhonningsaus:

  • 2 ½ dl andekraft
  • 2 ts maizena utblanda i litt vatn
  • 0,6 dl akasiehonning
  • 0,6 dl appelsinjuice
  • 0,6 dl sukker
  • 0,6 dl eddik
  • fersk timian
  • revet appelsinskal
  • brekkbønner til servering
  • fersk timian

Forvarm steikeovnen til 180 ºC. Start med å forberede andebrysta. Skjær rutemønster på skinnet djupt nedi utan å skjære gjennom og ned i kjøtet. Gni så inn andebrysta med salt og peppar og tørka timian. Sett ei steikepanne på middels høg varme og legg andebrysta nedi med skinnsida ned. Slik skal dei ligge til at fettet har smelta vekk og skinnet har fått ei gyldenbrun og sprø hinne. På grunn av alt fettet på brystet treng du ikkje noko ekstra fett å steike i. Snu så andebrysta og steik i ca. 1-2 minutter på andre sida. Legg så over kjøtet i ei ildfast form med skinnsida opp og stikk eit steiketermometer inn i den tjukkaste delen av andebrystet. Sett så inn i den forvarma ovnen og la stå til brystet får ein kjernetemperatur på 57-60 ºC for eit middels rosastekt kjøt. La kjøtet kvile ca. 10 minutter før du serverer.

I mellomtida kan du lage søtpotetpurèen. Skrell og skjær søtpotet i terningar og kok dei møre. Hell så av vatnet og ha i ein skvett fløte og litt smør og bruk ein stavmiksar til å mose alt godt saman. Smak så til med muskatnøtt, salt og peppar.

For å lage sausen kokar du opp andekraft og har så i maizena utblanda i litt vatn. La det tjukne litt. Tilsett så honning og appelsinjuice, skru ned varmen litt og la sausen koke i ca. 10 minutter. I ei steikepanne på medium varme smeltar du litt og litt av sukkeret i gongen og når alt er smelta lar du det karamellisere seg litt. Tilsett så eddiken og rør godt rundt. Sukkeret kan stivne til igjen litt på dette punktet, men lat då blandinga stå til det har smelta saman igjen medan du rører litt rundt i det. Ha så sukkerblandinga over i appelsinsausen og la det koke litt. Tilsett revet appelsinskal og tørka timian i sausen.

DSC_0058

Skjær andebrysta i fine skiver og server på søtpotetpurè saman med brekkbønner eller anna grønt. Ha over appelsinhonningsausen og litt fersk timian på toppen. Håper det smakar!

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *