Andelår med plommesaus

8xbEfLEmSZm3SBLw34waaw_thumb_717b

Har du framleis plommer liggjande eller har dei tilgjengeleg i frysaren er denne retten eit fint alternativ å bruke dei på. Steikte andelår med sprøtt skinn og ein søt og krydra plommesaus er smakfull mat!

Sausen har litt asiatisk preg med tanke på at dei brukar ein del sursøt saus med søte kryddersmakar saman med middagsrettar der. For dei fleste her i Noreg er and lite utbreitt i matlaginga, men viser seg no å bli tatt meir i bruk. Kjøt frå and gir ei heilt annleis smaksoppleving enn til dømes kylling og eg vil derfor anbefale deg å prøve deg på dette nydelege kjøtet. Det viktige når ein skal tilberede and er at ein får smelta vekk det tjukke feittlaget som sit under skinnet, slik ein får sprøtt skinn framfor å tygge på feitt. Feittet er derimot noko av det essensielle med kokkelering med and fordi det gir ein utruleg god smak til kjøtet.

qH1dQv4YSwC5uYDzyS2AAw_thumb_7192

Ingrediensar til 4 personar:

  • 4 andelår
  • salt & pepar

Plommesaus:

  • 1 sjalottløk
  • 1 ss olivenolje
  • 250 g blåraude plommer
  • 50 g rørsukker
  • ½ dl rødvin
  • 3 dl kyllingkraft
  • 1 stjerneanis
  • 1 kanelstong
  • salt & pepar

Til servering:

  • 6-8 plommer + akasiehonning
  • potetpurè
  • fersk timian

Forvarm steikeomnen til 160 ºC.

Varm opp ei steikepanne og krydre andelåra med salt og pepar. Legg andelår med skinnsida ned i varm panne og steik på høg varme til feittet har smelta vekk og skinnet er blitt sprøtt og gyldent. Snu og steik eit par minutt på andre sida slik du får steikeskorpe også der. Legg over i ei eldfast form. Ta vare på feittet som ligg att i steikepanna. Stikk eit steiketermometer inn i tjukkaste delen på eit av låra utan at det treff bein. Set midt i omnen og lat steike til kjøtet har nådd ein temperatur på ca. 62 ºC. Lat kjøtet kvile litt under folie dersom det må vente på sausen før du serverer det.

Medan kjøtet står i omnen kan du lage sausen. Finhakk sjalottløk og ha den i ein kjele saman med olivenolje. Lat løken surre i oljen på lav varme til den er mjuk og blank. Del plommene i to og fjern stein. Ha dei i kjelen saman med sukker, stjerneanis og kanelstong. Lat det surre med i ca. 2-3 minutt. Tilset rødvin og kraft og gi det eit oppkok. Lat sausen småkoke i ca. 20 minutt, til den har tjukna litt. Fjern kryddera og bruk ein stavmiksar til å kjøre sausen glatt. Smak til med salt og pepar.

Bruk steikepanna med feittet du steikte andelår i til å steike plommer til servering. Del plommene i to og fjern steinen. Legg plommene med kjøtsida ned i panna og ringle over litt akasiehonning. Lat dei steike på middels høg varme eit par minutt. Server deretter andelår saman med potetpurè, honningsteikte plommer og plommesausen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *