Andelår med safranrisotto

DSC_0576

Andelår med godt krydder saman med ovnsgrilla cherrytomatar og ein herleg kremete risotto med smak av safran er ein spennande, mild og smakfull rett.

Den italienske risottoen er ein slags grautrett som oftast er laga på arborio eller carnaroliris (risottoris), løk, kraft, smør og parmesan. Retten kan smaksettast på uendeleg med måtar og kan serverast både som hovedrett eller tilbehør alt etter kva du har i. Tradisjonelt sett er risotto ein forrett. Denne gongen har eg smaksatt med safran som gir ein mild og karakteristisk smak. Oppskrifta er Jamie Oliver`s safranrisotto som er gjort nokre små endringar på.

Ingrediensar til andelår, risotto & tomatar for 4 personar:

Andelår:

  • 4 andelår med skinn
  • tørka salvie
  • salt & peppar

Safranrisotto:

  • 1,2 l andekraft (evt. kyllingkraft)
  • 1 gul løk
  • 5×5 cm bit sellerirot
  • 50 g smør
  • 1 generøs klype safrantråder
  • 450 g Arborioris (risottoris)
  • 2 dl kvitvin
  • 80 g parmesanost
  • olivenolje
  • salt

Grilla cherrytomatar:

  • 500 g cherrytomat i klase
  • olivenolje
  • fersk rosmarin
  • salt & peppar

Forvarm steikeovnen til 80 ºC. Skjær rutemønster i skinnet og fettet på andelåra med ein skarp kniv. Gni så inn andelåra med salvie, salt og peppar. Steik skinnsida av andelåra i ei tørr steikepanne på høg varme i ca. 2-3 minutter eller til skinnet har blitt sprøtt og gyldent. Legg så over i ei ildfast form, stikk eit steiketermometer inn i sida på andelåret utan å treffe bein. Sett inn i ovnen og la stå til kjøtet får ein kjernetemperatur på 65 ºC. Dette vil ta ca. minst 1 times tid.

Legg cherrytomatane i ei ildfast form og ringle over godt med olivenolje, fersk rosmarin, salt og peppar og sett inn i steikeovnen saman med andelåra dei siste 30 minutta av steiketida.

Imens kjøtet steiker kan du sette igong med å lage risotto. Ha krafta i ein kjele over lav varme og la den stå slik og halde seg varm til den skal brukast. Finhakk løken og sellerirota i små terningar og ha det i ein stor kjele med høge kantar. La løk og sellerirot surre over medium varme i halvparten av smøret til det blir mjukt og blankt, men ikkje brunt. Ha safrantrådane i ei lita skål og hell over ei ause av den varme krafta og la det stå å trekke.

Ha risen i kjelen med løkblandinga og la det surre med i eit par minutter. Skru så varmen opp på medium høg varme og ha i kvitvinen og la det koke heilt inn til alt er absorbert. Ha så i safrankrafta  og rør rundt i nokre minutt til risen har trukke til seg væska. Ha så i resten av krafta ei ause i gongen og la det absorberast nesten heilt inn medan du rører rundt litt innimellom, før du har i neste ause med kraft. Gjenta dette til du har brukt opp nesten all krafta. Dette skal ta ca. 15 minutters tid eller til risen er kokt. Ha så i den siste ausa med kraft for å få den litt lause  og blaute konsistensen risotto skal ha og trekk kjelen frå varmen. Ha i dei resterande 25 g med smør og riv nesten all parmesanosten over og bland godt. Ha i litt salt etter behov og legg så loket på kjelen og la risottoen kvile eit par minutter før servering.

Dei siste 3-4 minutta i steikeovnen skrur du på grillfunksjon og lar andelår og tomatar bli fint grilla og få ei sprø overflate. Server andelår, tomatar og safranrisotto med litt ferskreven parmesan og ein skvett olivenolje over.

DSC_0565

Bon appètit!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *