Andesalat med mango & soyadressing

[dropcap]J[/dropcap]anuar månad er tida då dei fleste har lyst på lette og magre måltid etter ei lang førjulstid med kaker og mektig mat. Denne salaten med asiatiske krydder kombinert med det søte frå mango og granatepler og det salte frå soyadressing er eit friskt pust i den vanlege middagsmenyen.

And er ei lite brukt råvare her i Noreg og mange veit kanskje ikkje heilt korleis ein skal tilberede and i eit måltid. Smaken er ein heilt annan enn andre typar fjærkre og kan brukast på mange måtar. Den litt kraftige smaken frå andekjøtet gjer seg godt saman med friske frukter og ein salt dressing med syrleg sitrusfrukt. Andelåra har eg krydra med ulike krydder som vanlegvis er ein del av det asiatiske femkrydderet. Femkrydder består av minst fem krydder der det oftast er brukt stjerneanis, fennikelfrø, sichuanpeppar, kanel og nellik. Så dersom du er glad i eksotiske smakar og ikkje er redd for å prøve noko nytt er dette retten for deg! Retten kan fint lagast med kyllinglår dersom du ikkje får tak i andelår eller ikkje er spesielt glad i det. Det einaste du bør justere litt på då er steiketida. Andekjøt har eit godt lag med fett under skinnet og tåler derfor hardare steiking enn kylling som lett kan bli for tørt.

3ktn90dpr7aj1qzwmorgra_thumb_66c8

[recipe-foody]Ingrediensar til andesalat med soyadressing for ca. 4 personar:

  • 4 store andelår
  • 1 ts malt kanel
  • 1 ts malt nellik
  • 1 ts malt stjerneanis
  • 1 ts malt pepar
  • ¼ ts chilipulver
  • havsalt
  • 2 ss honning

Soyadressing:

  • 6 ss soyasaus
  • 2 lime, safta
  • 2 ss olivenolje
  • 1 liten tørka chili
  • 1 ss koriander

Salat:

  • 2 pk crispysalat
  • 1 stor mango
  • 1 granateple
  • 1-2 vårløk
  • 1 agurk

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 80 ºC. Rut opp skinnet på andelåra med ein skarp kniv. Bland saman kryddera og gni det godt inn i kjøtet. Brun skinnsida av andelåra godt i ei steikepanne på høg varme i ca. 2-3 minutt eller til skinnet har blitt sprøtt og gyldent.  Legg i ei ildfast form med skinnsida opp og strø over eit lite dryss havsalt og ringle over honningen. Bruk steiketermometer og la steike midt i omnen til andelåra har fått ein kjernetemperatur på ca. 62-63 grader. Dette tek ca. 1 times tid. Låra er ferdig steikte når du stikk inn ein kniv i leddet på den tjukkaste delen av låret og kjøtsafta som kjem ut er klar på farge. Pass på at du ikkje oversteiker låra slik at kjøtet blir tørt. Avkjøl litt medan du gjer klart resten.

Bland saman soyasaus, limesaft og olivenolje. Knus chilien og finhakk koriander. Bland alt saman og sett til sides.

Skjær opp mango og agurk i strimlar og skjær vårløken i tynne ringar. Bland saman med salaten og strø over granateplekjerner. Riv av kjøtet frå andelåra i bitar og fordel på toppen av salaten. Server saman med soyadressingen og nyt!

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*