[dropcap]H[/dropcap]jortekjøt er etter mi meining av det beste kjøt du kan få, om det er stekt på rett måte. Her har eg langtidsstekt hjortesteika på veldig lav varme over lang tid, og har som resultat fått ei saftig og utruleg mør steik.
Skribent: Mari-Lene
Paris-Brest & Eclair
[dropcap]F[/dropcap]estsesongen er i gong og kakeborda skal fyllast opp. Franske bakverk finn du i uendelig mange variantar og utgåver, og ikkje utan grunn har desse fått ein stor plass i mitt kjøkken. Denne gongen er det den tradisjonelle Paris-Brest som er ei slags vannbakkelskake fylt med ein hasselnøttkrem. Så kanskje […]
Lakselasagne
[dropcap]K[/dropcap]va skjedde med fisken? Ho som har vakse opp med fisk til middag minst tre gongar i veka har ikkje lagt ut ein einaste fiskerett. Ikkje før no. Denne gongen er det laks på menyen, maskert i ein lasagne med spinat og andre godsaker.
Heilstekt urtesmørkylling med sennepssaus
[dropcap]S[/dropcap]aftig og smakfull kylling som smeltar på tunga, servert saman med søt sjalottløk og søtpotet og ein lett skarp og syrleg sennepssaus. Kylling har vel aldri smakt så godt som dette før.
Sjokolademakronar med pralinekrem
[dropcap]M[/dropcap]akronar er franske små søte fristelsar laga av mandelmel og marengs i forskjellige fargar og smakar og er fylte med god krem, ganache eller liknande. Dei er sprø utanpå og seige inni og gjer seg også bra på kakefatet dekorative som dei er.
Mini baguettesnurrar
[dropcap]T[/dropcap]reng du noko enkel brødbakst som tilbehør til middagen i eit festmåltid eller til helga, så er desse lyse og luftige baguettesnurrane perfekte.
Karamellmousse med salta karamellpopcorn
[dropcap]K[/dropcap]aramell er ein av mine favorittsmakar når det kjem til det søte, og spesielt godt er det i kombinasjon med havsalt. Er du også glad i karamell, så vil du garantert like denne luftige karamelldesserten!
Surdeigsbrød med grovt rugmel
[dropcap]S[/dropcap]urdeig gir ein fantastisk smak og struktur på brødbakst og er min store favoritt når det kjem til baking av brød og rundstykker. Her er surdeiga brukt i eit brød med mykje rugmel av både grov og fin type.
Chiagraut
[dropcap]M[/dropcap]orgen og frokosttid med ein kald kjøleskapsgraut du forbereder kvelden før. Eit litt annleis innslag til den vanlege havregrauten kanskje?
Enchiladas med tacokjøttdeig
[dropcap]T[/dropcap]acomiddagen er fast innslag i dei fleste heimar i helgene, og er intet unntak her i huset heller. Er du som meg kanskje gått lei av den tradisjonelle tacoen med tacoskjell og tortillalefser og alle skålene med salat og tilbehør? Prøv gratinerte enchiladas med saftig og spicy kjøttfyll!