[dropcap]D[/dropcap]å kan ein ønske god jul til alle og endeleg er skuldrane senka etter ei hektisk førjulstid og ein herleg julekveld med mykje god mat og fine folk rundt seg! Dei fleste har nok allereie hatt både ein, to og kanskje enda fleire gode julefrukostar saman, men enda er det mange dagar igjen å ta av. Då treng ein god bakst til å nyte alt det gode pålegget som høyrer jula til på. Her har eg samla ein del oppskrifter på rundstykker og brød som smakar nydeleg til lange og gode frukostar.
Blant desse oppskriftene finn du både vanleg langtidsheva gjærbakst, men også mange gode oppskrifter på eltefrie rundstykker og brød som krever svært lite arbeid. Desse deigene sett du kvelden før og let dei stå over natta, så har du fersk bakst utan heving og arbeid neste dag. Nyt resten av juledagane med masse god mat og drikke med alle dine kjære rundt deg og prøv deg gjerne på nokre av oppskriftene her til både frukost og lunsj i godt lag!
- Eltefritt grytebrød med cheddar & timian
- Eltefrie valnøttrundstykker
- Lyse valmuerundstykker
- Rundstykker med tranebær & valnøtter
- Valnøttscones
- Eple- & baconbrød
- Eltefrie rundstykker med solsikkefrø
- Gulrotrundstykker
- Julekake
- Eltefrie rundstykker med brunost & valnøtter
- Speltscones
- Rustikke hasselnøttrundstykker