Bananbrød

DSC_0156

Alle har vi vel opplevd å gløyme bananen i fruktskåla for så å finne den når den er overmoden og brunflekkete. Det er nettopp då du skal lage herleg bananbrød som er søtt og saftig.

Bananbrød krever at bananane er godt modne og har brune flekkar på skalet for å få eit godt resultat. Då blir den gode fruktsmaken framtredande og du får eit saftig brød med søt smak. Det er derfor ingen grunn til å kaste bananar som har blitt gløymde og overmodne. Brødet er ei slags kake som kan serverast saman med ein god kopp te eller kaffe. Denne varianten inneheld både fullkornsmel og havregryn, så du kan nyte denne brødkaka med god samvittigheit.

DSC_0211

Ingrediensar til eit bananbrød:

  • 5 dl fullkornshvetemel
  • 1 ½ dl sukker
  • ¾ dl havregryn
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts natron
  • ½ ts salt
  • 3 overmodne store bananar
  • 2 egg
  • ½ dl tjukk gresk yoghurt
  • 3 ss smelta smør
  • 1 dl sjokoladeknappar/hakka kokesjokolade

Forvarm steikeovnen til 175 ºC og kle ei brødform med bakepapir.

Bland saman fullkornshvetemel, sukker, havregryn, vaniljesukker, natron og salt i ein bolle og rør godt rundt. Skjær av ei tynn skive på ca ½ cm på langs av den eine bananen og legg til sides. I ein annan bolle har du i bananane og mosar dei med ein gaffel. Tilsett egga eitt om gongen og bland godt inn. Rør så inn yoghurten og bland det godt før du til slutt har i smøret og rører rundt igjen. Ha bananblandinga over i det tørre og bland forsiktig saman til du har ei tjukk og klumpete røre. Vend inn sjokoladen i røra og bland forsiktig. Fordel røra jamnt utover i den bakepapirkledde brødforma. Legg den tynne bananskiva du la til sides tidligare på toppen av røra i forma. Sett inn i steikeovnen og la bananbrødet steike i ca. 50-60 minutter. Brødet er ferdig når ein kakepinne kjem ut fri frå røre. Avkjøl i forma før du skjærer i brødet.

Server bananbrødet som det er eller gjerne med ein klatt kesam og litt sitronmelisse som gjer det ekstra friskt og godt.

DSC_0193

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *