Banangranola

VeBFhnnlQ8mZWUfpCNzMqQ_thumb_694c

Ei skål med heimelaga granola, yoghurt og ferske bær er den perfekte frukost til både kvardag og helg. Denne varianten er søta med godt modne bananar og honning og gir ein perfekt sødme saman med naturell yoghurt eller mjølk.

Ved å bruke godt overmodne bananar som søtning i tillegg til honning får du ein passe søt granola eller müsli som vi også kallar det, slik at du slepp å tilsetje ekstra søtning til frukostskåla. Granolaen bakar du i omnen slik den får klissete og crunchy bitar som knasar i munnen. Den ferdige granolaen oppbevarast på tett glas og held seg fint i 1-2 vekers tid.

vIT++gVKScCzMDJnkiUNFA_thumb_6932

Ingrediensar til eit stort glas med banangranola:

  • 3 overmodne bananar
  • 1 dl akasiehonning
  • 2 ss rapsolje (evt. solsikkeolje)
  • 1 stor ts kanel
  • 7 dl havregryn
  • 1 dl kokosmasse
  • 1 dl valnøtter, grovhakka
  • 1 dl tranebær, grovhakka

Forvarm steikeomnen til 150 ºC.

Ha bananar, honning og rapsolje i ein stavmiksar og kjør til ein glatt purè. Bland saman kanel, havregryn, kokosmasse, valnøtter og tranebær i ei stor skål. Hell bananpurèen over i skåla med havregryn og bland det godt saman. Fordel massen jamnt utover eit steikebrett med bakepapir og sett midt i den forvarma omnen. Rør i blandinga ca. kvart 15. minutt slik det tørkar jamnt ut og ikkje brenn seg. La stå i ca. 1 times tid eller til granolaen har blitt sprø og gylden, men pass på slik den ikkje blir for mørk eller brent. Skru av omnstemperaturen og la brettet stå igjen i omnen på ettervarmen. Ha den sprø og avkjølte granolaen over på tett glas.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *