Bananpannekaker

DSC_0337

Pannekaker laga på bananar er lettlaga, sunn og god frukost og passar like godt i kvardagen som til helg. Har du godt modne bananar og har lyst på noko godt til frukosten er desse eit godt valg.

Røra til pannekakene er laga med havremel og er derfor glutenfri, men har du lyst å bruke anna type mel i pannekakene er det berre å bytte ut. I røra kan du også tilsette ulike typar bær, havregryn eller kanskje til og med sjokoladebitar om du har lyst på litt ekstra kos.

Ingrediensar til ca. 8 stk små bananpannekaker:

  • 2 godt modne bananar
  • 2 egg
  • 2 ss heilmjølk
  • 1 ss akasiehonning
  • 1 ½ dl havremel
  • 1 toppa ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker

Ha banan, egg og mjølk i ein stavmiksar og kjør blandinga til ein jamn purè. Tilsett akasiehonningen og blandt godt. Ha deretter i havremel, bakepulver og vaniljesukker og rør til du får ei glatt og tjukk pannekakerøre. La gjerne røra stå å svelle litt før bruk. Varm opp litt nøytral steikeolje (raps, solsikke) i ei steikepanne. Ha ca. 2 ss med røre pr. pannekake i ein rund klatt i panna og steik i ca. 2-3 minutter på kvar side på lav varme. Server pannekakene varme med litt gresk yoghurt, honning, mandelflak og friske bær eller evt. anna tilbehør du ønskar sjølv.

DSC_0334

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *