Bananvafler

yxMVf%sqSBOA3z9hBxjbNQ_thumb_6c29

Atter ein gong låg det godt overmodne bananar med brunflekkete skal i fruktskåla og eg måtte prøve å bruke dei til noko godt. I morgon er det den store vaffeldagen, og då vart det utgangspunktet for ei ny oppskrift. Bananvafler er saftige, mjuke og smakar nydeleg med kesam og fersk eksotisk frukt.

Vafler er både store og små glade i og om ein i tillegg kan inkludere den gode gamle bananen så resulterer dette i saftige og søte vafler utan tilsatt sukker. Vaflene er aller best med litt syrleg kesam eller yoghurt og ferske bær eller frukter. Har du lyst på litt ekstra sødme kan du også servere med litt honning eller lønnesirup. Prøv gjerne med kesam og pasjonsfrukt slik som eg har gjort. Mine vafler er steikte i belgisk vaffeljern sidan det var det eg hadde tilgjengeleg, men fungerer like bra i vanleg vaffeljern.

Ingrediensar til ca. 4 stk store vaffelplater (evt. 6 stk små belgisk vaffel):

  • 2 godt modne bananar
  • 1 stort egg
  • 1 dl heilmjølk
  • 1 dl havremjøl
  • ½ dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • ½ ts kanel
  • 1 klype salt
  • 2 ss smelta smør

Mos banane med ein gaffel og rør inn egget. Bruk gjerne stavmiksar for å jamne ut alle klumpar. Tilsett mjølk, mjøl, bakepulver, vaniljesukker, kanel og salt og bland godt saman. Til slutt rører du inn smelta smør. La røra stå og svelle litt før steiking. Steik deretter vaflene i vaffeljern med litt smør. Server lunkne saman med ønska tilbehør (anbefaler noko friskt) som for eksempel kesam og frukt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *