Basilikum-vinaigrette

DSC_0646

No som det snart er sommar er det også høgtid for grilling og lette middagar med mykje salatar. Då er det godt med ein lett og smakfull dressing eller vinaigrette som kan gi ekstra smak til måltidet.

Vinaigrette er ein emulsjon av eddik og matolje og ofte smakssatt med for eks. urtar og sjalottløk. Denne varianten er lett syrleg og har god smak av fersk basilikum. Vinaigretten passar perfekt til salat og rettar med for eks. kylling, men kan også brukast på grilla kjøt/fisk og grønsaker. Det heile lagar du på nokre få minutter med god hjelp av ein stavmiksar.

Ingrediensar til eit lite glas basilikum-vinaigrette:

  • 1 plante basilikum
  • 1 liten sjalottløk, finhakka
  • 1 fedd kvitløk, finhakka
  • 1 ½ dl god olivenolje
  • 2- 2 ½ ss kvitvinseddik
  • 1 ts akasiehonning
  • salt & peppar

Ha blada frå basilikumplanta i ein stavmiksar saman med sjalottløk, kvitløk, olivenolje, kvitvinseddik og akasiehonning og kjør blandinga til ein glatt saus i ca. 1 min. Smak til med salt og peppar og server umiddelbart eller oppbevar på tett glas i kjøleskapet i ca. 3 dagar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *