Belgiske lunsjvafler

[dropcap]V[/dropcap]afler behøver slett ikkje vere fylt med sukker eller vere direkte usunne. Desse belgiske vaflene er sunne nok til å kunne vere både frokost og lunsj, men også gode nok til å vere ein dessert.

Har du eit belgisk vaffeljern er det berre å mekke ihop røra på 1-2-3 og nyte gode vafler i ein fei! Ingrediensane er litt sunnare enn i vanlege vafler, men smaken er allikevel upåklageleg. Det er også mulig å bytte ut ein del av ingrediensane med det du måtte ha tilgjengeleg, så her er det berre å prøve seg fram.

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 6-7 vafler:

  • 4 dl mandelmelk
  • 1 ½ ts hvitvinseddik
  • 1 ½ ts vaniljeekstrakt
  • 4 ss akasiehonning
  • 4 ss olivenolje
  • 3 dl sikta speltmel
  • 1 ½ dl havremel
  • 2 toppa ts bakepulver
  • 1 klype kardemomme
  • 1 klype kanel

[/recipe-foody]

Bland saman mandelmelka og hvitvinseddiken og la det stå nokre minutt. Ha så i vaniljeekstrakt, akasiehonning og olivenolje og rør godt rundt. Bland saman melet, bakepulver, kardemomme og kanel i ein bolle og hell melka over og rør godt til alle klumpar er borte. La røra stå å svelle litt før du steiker vaflene i eit belgisk vaffeljern.

Server så dei crispy vaflene med ønska topping på og nyt. Anbefalar å toppe vaflene med bær, rømme og gjerne lønnesirup som eg har gjort her, friskt og søtt! Luksuslunsj med god samvittigheit! ♥

DSC_0937

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*