Biff-Baguette

WpeGLRgpRlmsIWqKttK8BA_thumb_6efa

Saftig biffkjøt med chimichurri-saus servert i baguette med sprø skorpe er super kosemat. Dette måltidet er perfekt for deg som er glad i kjøt og gode smakar!

Det er lite som slår ein god baguette med saftig entrecôte, smakfull saus og godt fyll når ein skal kose seg litt ekstra. I denne oppskrifta har eg brukt chimichurri-sausen som eg tidlegare la ut i dette innlegget. Den argentinske sausen passar perfekt til storfekjøt og blei nydeleg godt i denne sandwichen.

eIg666kGROOppFf9uxfgbg_thumb_6f0b

Ingrediensar til biff-baguette for 2 personar:

  • 1 stor baguette
  • 200-250 g entrecôte
  • chimichurri-saus (oppskrift her)
  • rucculasalat
  • rødløk, i tynne strimlar
  • majones
  • raud chili, i tynne små skiver
  • salt & pepar
  • smør, til steiking

Krydre entrecôten med salt og pepar og varm opp litt smør i ei steikepanne. Steik kjøtet på høg varme i nokre få minutt på kvar side slik det får skikkeleg steikeskorpe og blir rosa i midten. La kjøtet kvile litt medan du gjer klart resten.

Del baguetten i to delar som du igjen delar på langs og smør utover godt med majones. Fordel utover rucculasalat, rødløk og chili. Skjær kjøtet i tynne skiver og fordel utover på kvar baguette. Hell over litt chimichurri-saus og topp med baguette-toppen til slutt. Nyt!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *