Biffspyd med satay-saus

RCc0L+jHQgyAwOdkHnG8xg_thumb_73c2

Grilla biffspyd med satay-saus er smakfull og lettvint mat som passar godt no som vi er lei av mektig julemat. Satay-sausen er laga på knasande peanøttsmør og kokosmjølk, og er perfekt for deg som er glad i nøtter og asiatiske smakar. Retten har sitt opphav i Indonesia og er populær gatemat mange stader i Asia.

 Biffspyda kan du grille på grillen ute eller i steikeomnen med grillfunksjon. Husk då berre på å legge grillpinnane i blaut i vatn i god tid før grilling, eller eventuelt bruk grillspyd i metall. Om du vil gjere det enda enklare kan du også steike kjøtet på høg varme i steikepanna. Serverer du saman med frisk salat og gjerne også frisk frukt som mango får du ein eksotisk middagsrett.

ST18kAyjS92SMVvyutg3dQ_thumb_73cd

Ingrediensar for ca. 4 personar:

Biff & marinade:

  • 500-600 g ytrefilet av storfe
  • 2 ts Sriracha (sterk chilisaus)
  • 4 ss soyasaus
  • 2 ss rapsolje
  • 2 ss brun farin
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 1 vårløk, finhakka
  • 1 lime, safta
  • 1 neve fersk koriander, finhakka

Satay-saus:

  • 2 ss kokosolje
  • ½ løk, finhakka
  • ½ rød chili, finhakka
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 150 g peanøttsmør, “crunchy” type
  • 1 ts akasiehonning
  • 2 dl kokosmjølk
  • 1-2 ts fiskesaus
  • 1-2 ss soyasaus
  • 1 neve salte peanøtter

Tilbehør:

  • ris/grilla pitabrød
  • agurk og evt. salat
  • vårløk
  • lime
  • salte peanøtter

Skjær kjøtet i strimlar på ca. 1- 1 ½ cm breidde. Ha alle ingrediensane til marinaden i ein bolle og bland godt. Ha i kjøtet og lat det marinere i nokre timar i romtemperatur eller i kjøleskap over natta.

Tre kjøtbitane på grillspyd og grill dei på grillen ute nokre minutt på kvar side til dei har fått fine grillmerke og er gjennomsteikte. Pensle restar av marinaden over det ferdig steikte kjøtet for ekstra smak. Eventuelt kan du sette steikeomnen på ca. 250 ºC og grillfunksjon. Legg grillspyda på ei rist med aluminiumsfolie med eit steikebrett under og set dei høgt oppe i omnen. Grill dei i ca. 5-8 minutt (alt etter varmen på omnen din). Brukar du grillpinnar av tre bør du passe godt på så dei ikkje byrjar å brenne.

Medan kjøtet steiker kan du lage klar satay-sausen. Varm opp kokosoljen i ei steikepanne og lat løk, kvitløk og chili surre i varmen til den blir mjuk. Ha i peanøttsmør og honning og rør godt rundt til alt er varmt. Ha over i ein stavmiksar. Tilsett kokosmjølk og kjør blandinga til ein puré. Smak til med fiskesaus og soyasaus. Hakk salte peanøtter og ha i om du ønskjer litt ekstra “crunch”.

Server varme grillspyd saman med agurk og vårløk, salte peanøtter, ris/brød og ein god skvett med limesaft over.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *