[dropcap]B[/dropcap]lomkålpizza er saftig, smakfull og sunn pizza som du lagar på 1-2-3. Botnen er laga av fersk blomkål, egg og ost som gir det ein saftig og god smak.
Blomkålpizza gjorde sitt inntog for nokre få år tilbake då lavkarbo-dietten var på sitt mest populære. Sjølv bryr eg meg ikkje verken om lavkarbo eller andre diettar – men derimot smak og skikkeleg mat. Blomkål som botn gir pizzaen ein annleis og spennande smak og gjer pizzamåltidet eit hakk lettare enn vanleg. Botnen er også super for deg som har glutenallergi eller rett og slett prøver å kutte ned på brødinntaket. Smaken og konsistensen av blomkålbotnen kan minne litt om ein omelett med ost. Som fyll kan du bruke din eigen favorittsaus og topping, om det så skulle vere kjøtdeig, skinke eller vegetar. Sjølv har eg valt den ganske så klassiske tomat-og pepperonipizzaen.
[recipe-foody]Ingrediensar til ein blomkålpizza:
Blomkålbotn:
- 1 blomkålhovud
- 2 egg
- 1 dl riven kvitost
- ½ dl riven parmesan
- 2 ts potetmjøl
- 1 ts tørka oregano
- ½ ts salt
Tomatsaus:
- 1 sjalottløk
- 1 fedd kvitløk
- 1 lita ss tomatpurè
- 200 g hermetisk tomat
- fersk basilikum
- salt & pepar
Topping:
- pepperoni (evt. spekeskinke, salami el. anna kjøt)
- 125 g mozzarella, i skiver
- rødløk, i skiver
- riven parmesan
- fersk basilikum
[/recipe-foody]
Forvarm steikeomnen til 220 ºC.
Skjær blomkål i buntar og ha den over i ein foodprocessor og kjør til du får små smular. Ha i egg, ost, potetmjøl, krydder og salt og bland godt saman. Smør blandinga utover i ein sirkel på ca. 30 cm i diameter (ca. 1 cm tjukk) på eit bakepapirkledd steikebrett. Sett midt i omnen og la steike i ca. 20 minutt.
Medan botnen står i omnen kan du lage tomatsausen. Finhakk sjalottløk og kvitløk. La det surre på middels varme i ei steikepanne til løken er mjuk og blank. Ha i tomatpurè og hermetisert tomat og la det småputre i ca. 10 minutt. Smak til med fersk basillikum, salt og pepar.
Smør tomatsaus utover den forsteikte blomkålbotnen. Legg utover pepperoni, mozzarella, rødløk og basilikum og strø til slutt riven parmesan på toppen. Sett tilbake i omnen og la steike i ca. 15-20 minutt til, til osten er smelta og gylden.