Krema blomkålsuppe

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga blomkålsuppe er rask og god kvardagsmat som fell i smak hos dei fleste. Denne varianten er ganske tjukk og krema og er toppa med sprøstekt serranoskinke, pinjekjerner og persille.

Dersom du ikkje er så glad i tjukke supper kan du bytte ut ein del av matfløten med meir mjølk eller kraft og eventuelt justere med meir væske ved slutten av koketida. Saman med suppa smakar det nydeleg godt med brød som du kan dyppe nedi. Suppa er ferdig på ca. 30 minutters tid og er fin både som middag og kveldsmat.

DSC_0868

[recipe-foody]Ingrediensar til blomkålsuppe for ca. 4 personar:

  • 1-2 ss smør
  • 2 store sjalottløk, finkutta
  • 100 g sellerirot, i små terningar
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 1 stort blomkålhovud
  • 4 ½ dl god kyllingkraft (evt. grønsakskraft)
  • 3 dl matfløte
  • 1 dl lettmjølk
  • 1 ts tørka timian (evt. 1-2 stilkar fersk timian)
  • 1 laurbærblad
  • 1 klype muskatnøtt, malt
  • 1 ts hvitvinseddik
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Blomkåltopping:

  • litt av blomkålhovudet
  • 3-4 skiver serranoskinke
  • 1 neve pinjekjerner
  • 2-3 ss fersk persille
  • godt brød, til servering
  • olivenolje

[/recipe-foody]

Smelt smøret i ein stor kjele og la sjalottløk, sellerirot og kvitløk surre på middels varme til løken er mjuk og blank. Del opp blomkålhovudet i små bukettar (jo mindre størrelse, jo raskare å koke). Legg til sides litt blomkål til toppingen og ha resten i kjelen med løk. Tilsett kyllingkraft, matfløte, mjølk, timian og laurbærblad og gi det eit oppkok. La det koke på svak varme under lokk til blomkålen er mør, ca. 15-20 minutter.

Medan suppa kokar kan du lage klart toppingen. Skjær blomkålen du la til sides i tynne små skiver og steik den gylden i ei steikepanne med litt smør. Legg til sides. Kutt opp serranoskinke i små bitar og steik den sprø. Tilsett pinjekjernene og la dei få litt farge. Legg til sides saman med blomkålen og topp med fersk persille.

DSC_0893

Når blomkålen er ferdig kokt fjernar du laurbærbladet og brukar ein stavmiksar til å kjøre suppa glatt og fyldig. Tilsett muskatnøtt og hvitvinseddik og gi suppa eit raskt oppkok igjen. Vil du ha ei litt tynnare suppe kan du justere med meir væske. Smak til med sitronsaft, salt og peppar.

Server varm suppe saman med blomkåltopping, litt olivenolje og godt brød.

DSC_0860

2 Kommentarar

  1. Hei!
    Er stor fan av bloggen din! Titter ofte innom for å prøve oppskriftene dine 🙂
    Fortsett den gode jobben du gjør 🙂

    • Hei Benedicte! Det varmar godt å høre at du likar bloggen!:) Her vil nok oppskriftene fortsette å komme, så då er det berre å kike innom!:-D

Legg att eit svar til Mari-Lene Avbryt

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*