Blondies med karamell, pekannøtter & havsalt

[dropcap]B[/dropcap]londies er den lyse utgåva av brownieskaka og smakar litt som cookiesdeig eller seige kjeks. Her har den fått selskap av karamellsaus, pekannøtter og havsalt.

Desse smakskombinasjonane er perfekte saman og balanserer fint den ellers så søte smaken på blondies. Mange oppskrifter på blondies inneheld også kvit sjokolade, men denne er proppa full i karamellsmak og nøtter som er tilstrekkeleg i seg sjølv. Oppskrifta inneheld også ulike typar sukker som gjer at du får den litt karamellaktige smaken på deiga samtidig som det gir ein seig og sprø konsistens. Denne sukkerbomba er perfekt til deg som likar det søte og sidan det er havsalt i både karamellsaus og på toppen får du ein herleg kontrast.

DSC_0863

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. porsjonsstykker blondieskake:

  • 5 dl hvetemel
  • ½ ts natron
  • ½ ts salt
  • 110 g smør
  • 2 ½ dl brun farin
  • 1 ½ dl sukker
  • 1 stort egg
  • 1 eggeplomme
  • 2 ts vaniljeekstrakt
  • 50 g pekannøtter, gjerne rista
  • ½ dl karamellsaus (oppskrift her)
  • maldonsalt

[/recipe-foody]

Forvarm ovnen til 170 ºC.

Smelt smøret og la det avkjøle seg litt til romtemperatur igjen. Bland saman hvetemel, natron og salt i ein bolle og sett til sides. Ha alt sukkeret og smøret i ein bolle og kjør det saman i ei kjøkkenmaskin. Ha i egg, eggeplomme og vaniljeekstrakt og bland saman til du får ei glatt røre. Ha i det tørre litt og litt i gongen samtidig som du lar maskina gå på sakte fart. Så snart du har fått blanda inn det tørre i deiga stoppar du maskina. Bland inn pekannøtter og fordel ca. halvparten av røra utover i ei bakepapirkledt form på ca. 24 x 20 cm og trykk den forsiktig nedi botnen i eit jamnt lag. Ringle over karamellsaus over heile botnen og legg deretter resten av kakerøra oppå toppen og trykk jamnt utover med ein slikkepott. Strø over litt maldonsalt på toppen og sett midt i ovnen og la steike i ca. 30-35 minutter.

Her må du prøve deg litt fram alt etter korleis din eigen ovn steiker. Eg lot kaka mi stå i 30 minutter, som blei eit par minutter for lite. Men er du glad i cookiesdeig og litt halvrå kjerne gjer det absolutt ingenting! Avkjøl kaka i forma og skjær i porsjonsstykker. Server gjerne saman med noko friskt som epler eller liknande og kanskje eit glas kald mjølk!

DSC_0866

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*