Bolinhos de bacalhau (klippfiskbollar)

DSC_0621

Desse klippfiskbollane kjem opprinneleg frå Portugal og er nydeleg som tapasrett eller helgemiddag. Server dei gjerne saman med tomatsalsa, majones eller aioli og litt grøn salat.

Tidsmessig krever det litt planlegging å lage klippfiskbollar, men det er egentlig mindre arbeid å lage enn det ser ut til. Det som tek lengst tid er å vatne ut klippfisken før bruk og så går det ganske så raskt med resten. Eg valgte å servere ein tomatsalat og ein heimelaga majones til klippfiskbollane. Ein god salsasaus eller aioli passar også supert saman med dei salte klippfiskbollane. Sørg for å bruke ei panne med høge kantar når du skal fritere bollane, for her blir det varmt.

DSC_0596

Ingrediensar til klippfiskbollar  og tomatsalat for ca. 4 personar:

Klippfiskbollar:

  • 400 g klippfisk (gir ca. 500 g ferdig utvatna klippfisk)
  • 300 g mandelpoteter
  • heilmjølk
  • 3 fedd kvitløk, finhakka
  • 2-3 ss fersk persille
  • 1 ½ ts paprikapulver
  • salt & peppar

Panering:

  • 1 dl hvetemel
  • 2 dl strøkavring
  • 2 egg, samanpiska
  • raps/solsikkeolje til fritering

Tomatsalat:

  • 1 vårløk, i ringar
  • ½ rødløk, finhakka
  • 300 g cherrytomatar, i terningar
  • 80 g svarte bønner, hermetiserte
  • fersk persille
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • heimelaga majones
  • grøn salat
  • evt. tomatsalsa

Eit døgn før du skal lage klippfiskbollane legg du klippfisken i vatn og vatnar den ut etter anvisning på pakken.

Bland saman alle ingrediensane til tomatsalaten og smak til med sitronsaft, salt og peppar og sett kaldt i kjøleskap til servering.

Hell av alt vatnet på klippfisken og legg fisken i ein kjele og fyll på med mjølk til du dekker fisken. Ha i kvitløksfedd og gi det eit lite oppkok. Trekk så kjelen til sides og la fisken stå og trekke i ca. 10 minutter. Kok mandelpotetene møre med skalet på. Hell av kokevatnet og la potetene dampe ferdig og kjølne litt. I mellomtida kan du sile av all mjølka frå klippfisken og ta vare på den. Sørg for å få med kvitløken saman med fisken for å få med all smaken. Riv klippfisken i små bitar og smuldre den opp med fingrane og ha i ein bolle.

DSC_0590

Når potetene er passe lunkne slik du kan ta på dei uten å brenne fingrane så skrellar du dei og har dei i ein bolle. Bruk ein gaffel og mos potetene godt. Ha i klippfisk, persille og paprikapulver i potetene og rør godt saman. Tilsett litt av mjølka frå klippfisken til du får ein seig konsistens. Smak til med salt og peppar og bland saman til du får ei fast og klissete blanding. Tilsett meir mjølk etter behov.

Lag små bollar av klippfiskblandinga og sett dei på eit fat. Hell friteringsoljen i ei steikepanne med høge kantar til den når ca. 1-2 cm oppover kantane på panna og varm den godt opp. Sett klart tre flate skåler og ha i hvetemel, strøkavring og egg i kvar si skål. Rull klippfiskbollane fyrst i hvetemel, så i egg og deretter i strøkavring. Legg forsiktig ned i den varme oljen og steik bollane i omgongar på medium varme i nokre minutter til du har fått ein gylden og fin farge på alle sider. Legg dei ferdige klippfiskbollane over på kjøkkenpapir og la dei renne av seg overflødig olje. Server klippfiskbollane lune saman med tomatsalat og majones og litt grøn salat.

DSC_0618

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *