Bollar med makronfyll

[dropcap]L[/dropcap]ite slår lukta og smaken av nystekte bollar. Det luktar rett og slett “heim” og vekker gode minner frå barndommen. Slik trur eg nok dei aller fleste tenker om nettopp gjærbakst og bollar. Desse bollane med makronfyll i midten og vaniljekrem eller eplemos på toppen smakar nydeleg og er perfekt haustkos.

Oppskrifta på gjærdeiga er som vanleg Schakenda si gode bolleoppskrift. Den kjem eg omtrent aldri utenom fordi den rett og slett slår dei fleste oppskrifter på smak og konsistens. Oppskrifta på bolledeiga har eg lagt ut tidlegare, men her kjem den igjen. I tillegg har eg valt å fylle bollane med makronfyll og toppe dei med heimelaga vaniljekrem eller eplemos på toppen. Her kan du sjølv velje om du vil ha med begge deler eller kun lage alle bollane med ein type fyll.

DSC_0694

[recipe-foody]Ingrediensar til grunnoppskrift på kveitebollar og fyll til bollane:

Bolledeig:

  • 1 kg hvetemel
  • 0,5 l h-mjølk
  • 150 g sukker
  • 15 g salt
  • 15 g malt kardemomme
  • 1 stort egg
  • 50 g fersk gjær
  • 150 g smør i terninger

Makronfyll:

  • 100 g mandlar
  • 100 g melis
  • 1 eggekvite
  • 1 ss kanel

Eplemos:

  • 1 kg epler
  • ca. 1- 1 ½ dl vatn
  • 3 dl sukker
  • 1 vaniljestang (delt i to slik du får med frøa)
  • 1 kanelstang
  • vaniljekrem (etter oppskrift her)

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane til bolledeiga unntatt smøret i ein eltebolle, og elt deiga i ca. 15 min på sakte fart til deiga er glatt og smidig. Ha så i smørterningane og elt i nye 15 min. Når smøret er godt elta inn i deiga, sett den til heving i ca 1,5 time eller til dobbel størrelse.

Medan deiga står til heving kan du lage fyllet. For å lage makronfyll har du mandlar og melis i ein foodprocessor og kjører det til mandelmel. Ha i eggekvite og kanel og kjør blandinga til du får ein klissete og halvfast røre.

Porsjonen til eplemos held til meir enn bollane, men dette pålegget er supert på rundstykker og brød saman med for eks. ost. Skrell og skjær epla i båtar og kok opp saman med vatn, vaniljestang og kanelstang. Kok til epla er møre, ta ut krydderstengene og bruk så ein potetmosar og mos det saman. Ha tilbake på plata og tilsett sukkeret litt og litt til du synest det er passe søtt. La putre litt i 5-10 minutter. Frys gjerne ned og ta opp til ferskt brød seinare.

Når deiga er ferdigheva deler du opp i 18-20 emner og trillar ut bollar. Trykk kvar bolle litt flat og form det til ein firkant. Legg ca. 1-2 ts med makronfyll i midten og brett inn kantane som ein konvolutt slik at fyllet er innepakka. Sett til etterheving til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 220 ºC. Lag ei grop i midten på kvar bolle over makronfyllet og ha ei ss med enten eplemos eller vaniljekrem nedi. Pensle bollane med egg rundt kanten og steik midt i ovnen i ca. 10-12 minutter. Avkjøl på rist.

Før servering kan du gjerne hakke opp litt mandlar og ringle over litt smelta sjokolade på bollane. Så gjenstår det berre å nyte herligheita!

DSC_0669

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*