Bringebærlemonade

[dropcap]E[/dropcap]in syrleg og frisk bringebærlemonade er perfekt å slukke tørsten med når du har lyst på noko smakfullt å drikke. Den syrlege smaken frå bringebær og sitron blir fint balansert med sukkerlaken og gir ein frisk drikk som er fint både på varme og kjølige dagar.

Det behøver slett ikkje å vere sommar og sol for å kunne nyte ein frisk og avkjølande drikk som lemonade. Vårsola har allereie dukka opp og ein begynner å minnest varme og lyse vår-og sommardagar igjen. Denne drikken lagar du enkelt ved å koke opp frosne bringebær saman med sitronsaft og sukker og så har du eit godt utgangspunkt til drikke med både kolsyre og vanleg vatn. Du kan også bruke bringebærlemonaden til å lage alkoholhaldige drinkar med.

[recipe-foody]Ingrediensar til ein porsjon bringebærlemonade:

  • 200 g sukker
  • 2 dl sitronsaft
  • 1 lime, skalet
  • 700 g frosne bringebær

Til servering:

  • vatn eller farris
  • frosne bringebær
  • isbitar
  • fersk sitronmelisse/mynte

[/recipe-foody]

Ha sukker, sitronsaft og frosne bringebær i ein kjele. Riv skalet på ein lime og ha det i kjelen. Kok opp. La det deretter småkoke litt i ca. 5-8 minutt. Bruk ein stavmiksar og kjør til purè. Hell massen gjennom ei sikt for å sile ut bringebærfrø. Det er ikkje nødvendig å sile massen, men eg synest det smakar betre når du slepp alle dei små frøa. Hell lemonaden over på ei flaske eller ein mugge og avkjøl. Bland ut lemonaden med vatn eller farris til den blir så sterk du ønsker. Eg brukar ca. 2 delar vatn og 1 del med lemonade. Ha i frosne bringebær, isbitar og gjerne litt fersk sitronmelisse og server kald. Den ublanda lemonaden kan du oppbevare på tett flaske i kjøleskap i ca. 1-2 veker.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*