Brødkrans med feta, salchichón & soltørka tomat

DSC_0326

Fylt brød og gjærbakst er nydeleg godt saman med enkle salatar og til tapasbordet. Dette brødet har eg fylt med herleg fetaost, ei spansk spekepølse og soltørka tomatar som gir ein smaksrik kombinasjon.

Brødet består av ei ganske enkel og standard gjærdeig som du kan bruke til å lage ulike brød eller småbrød av og fyllet kan du variere slik du ønskar sjølv. Brødkransen har også fått nokre små fletter som er veldig enkle å få til om du vil ha eit dekorativt brød til å sette på bordet. Oppskrifta gir eit nokså stort brød som også fint kan frysast ned i porsjonsstykker.

DSC_0318 2

Ingrediensar til ein stor brødkrans med fyll:

Gjærdeig:

  • ½ pk tørrgjær
  • 5 dl vatn, lunka
  • 2 ss olivenolje
  • 2 ss akasiehonning
  • ca. 800 g kveitemjøl
  • 1 ts havsalt

Fyll:

  • 200 g feta, naturell
  • 100 g salchichónpølse
  • 50 g soltørka tomat i olje
  • ein neve fersk basilikum (evt. 1 ts tørka basilikum)
  • 1 ts tørka timian

Ha tørrgjær i ein bolle og tilsett det lunka vatnet, olivenolje og honning. Rør ut til gjæren har løyst seg opp litt. Tilsett deretter mesteparten av kveitemjølet og saltet. Elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter, til du har ei glatt og smidig deig som slepp bollen. Juster med eventuelt meir kveitemjøl etter behov. Form deiga til ein ball og dekk bollen med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.

Forvarm steikeovnen til 240 ºC.

Strø litt kveitemjøl på kjøkkenbenken og kjevle deiga ut til eit rektangel på ca. 35 cm x 50 cm. Sørg for at du har nok kveitemjøl under deiga slik den ikkje sitt fast i benken. Bruk ein skarp kniv og skjær 15 vertikale strimlar på langsida av rektangelet slik at det når ca. ein tredjedel inn på rektangelet. Du kan variere antalet strimlar sjølv berre du passar på at det går opp i tre og tre strimlar saman. Flett strimlane til 5 små fletter og fest endane godt.

DSC_0288

Skjær opp spekepølse og soltørka tomat i små terningar og smuldre opp fetaosten i små bitar. Strø alt i ei lang stripe langs den øverste delen av rektangelet ca. 5 cm frå kanten. Strø godt med basilikum og timian over og brett inn deiga over fyllet og rull som ei pølse nedover mot deg og flettene. Stopp opp når du kjem til flettene og legg dei over pølsa og fest endane godt på undersida. Flytt deigpølsa forsiktig over på eit bakepapirkledd steikebrett og form det til ein rund krans og fest endane av rullen godt saman under den nærmaste fletta. Dekk med eit kjøkkenhandklede og la etterheve i ca. 45-60 minutter.

Strø over litt kveitemjøl på brødkransen og sett midt inn i den forvarma steikeovnen og skru ned temperaturen til 200 ºC. La brødet steike i ca. 30-35 minutter. Avkjøl på rist.

DSC_0316

DSC_0331

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *