Brødkrutongar med urtar & kvitløk

[dropcap]G[/dropcap]ammalt brød får nytt liv som krutongar med enkle grep. Desse sprø brødkrutongane er smaksette med urtar og kvitløk og er perfekt i ein salat eller ei suppe.

Vi har alle dei tørre brødrestane som blir liggande att i brødposen og freistar svært lite å smøre pålegget på. Då er det supert å lage brødkrutongar. Desse sprø brødbitane med god smak av urtar smakar nydeleg i for eksempel caesar-salat eller som tilbehør oppi tomatsuppa. Urtane eller krydderet du brukar kan du variere etter kva du har liggande i skuffer og skap.

%0Qtr%R5TjeVJPeUx3YLIw_thumb_6f7d

[recipe-foody]Ingediensar til ein porsjon brødkrutongar:

  • ca. ½ brød, gjerne 2-3 dagar gamalt
  • ¾ dl olivenolje
  • 2 fedd kvitløk, knust
  • 1 ss fersk persille, finhakka
  • 1 ss basilikum
  • ca. 3 ss parmesan, riven

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 180 ºC.

Skjær brødet opp i små terningar på ca. 2 cm. Bland saman olivenolje, kvitløk, persille, basilikum og parmesan i ei skål. Hell olje-blandinga over brødterningane og bland godt saman. Fordel godt utover eit steikebrett og set midt i forvarma omn. La brødkrutongane stå i ca. 20-25 minutt, til dei er sprø og gyldne. Avkjøl. Oppbevar dei på tett glas i ca. 1 vekes tid dersom du ikkje brukar dei med ein gong.

Fordel over salat eller suppe eller nyt dei slik dei er!

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*