[dropcap]G[/dropcap]jærbakst blir eg aldri lei av og kva luktar vel betre enn lukta av nybaka brød eller bollar i huset?! Nei, fint lite! Brødsnurrar har blitt ein favoritt hos meg og smakar alltid like godt. Denne oppskrifta har eg brukt fleire gongar og i fleire variasjonar når det både gjeld meltype og fyll.
Denne gongen ville eg ha noko som kunne vere eit fint tilbehør til supper,gryter og andre middagsrettar eller også til tapasbordet. Brødsnurrane er denne gongen fylte med valnøtter og god ost og er nydelege også som dei er med ein god klatt ekte smør på.
[recipe-foody]Til 10-12 brødsnurrar treng du:
- 300 g fullkornsmel
- 200 g hvetemel
- 10 g fersk gjær
- 10 g salt
- 360 g vatn
- ein god neve valnøtter, grovhakka
- ca. 75 g Gouda ost, reven
[/recipe-foody]
Ha alt melet i ein bakebolle og smuldre gjæren inn i melet. Ha så i saltet og bland det. Så har du i vatnet og rører rundt med handa i sirklar, og knar det sammen. Dette blir ei ganske klissete deig, men ikkje fall for fristelsen til å ha i meir mel. Ha så deiga på kjøkkenbenken og kna den sammen og strekk og dra i den. Det kan nok virke som eit noko umulig prosjekt, men held du på lenge nok vil deiga etterkvart samle seg sammen og bli elastisk og glatt. Bruk gjerne makt og finn fram urmennesket i deg og deng deiga i benken ( deig vil dukke opp på veggar og golv, merkeleg nok). Når den sluttar å klistre seg til benken og har samla seg, brettar du den under seg sjølv nokre gongar og formar den til ein ball. Strø eit lett lag mel over og sett til heving i ca. 1 time, eller til dobbel størrelse.
Ha så deiga på kjøkkenbenken og trykk den lett utover med handflatene til du får eit rektangel med ca. 2 cm høgde. Strø dei grovhakka valnøttene og den revne osten over heile rektangelet og trykk det lett inni deiga, og brett så ein tredjedel av deiga inn på midten. Brett så den siste tredjedelen av rektangelet over der igjen, slik at fyllet er på innsida og du får eit mindre rektangel med tre lag deig. Trykk lett utover på deiga så alt inni festar seg og skjær så deiga i 10-12 strimlar med 1 cm breidde. Strø litt mel på benken og legg strimlane oppå. Så snurrar og vrir du strimlane og legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett og sett til heving i 30 min.
Sett så brødsnurrane i forvarma steikeovn på 230 grader, spray lett med vatn inni ovnen slik det dannar seg damp ( evt. fyll 1 dl vatn i ei varm langpanne nederst i ovnen) og steik dei i ca. 12-15 min, til dei er gyldne.
Pingback: Vårlig ertesuppe | Med ❤ for mat