Brokkolisalat med granateple & spekeskinke

PF9hIXkiTgOMaK%y7sd4Eg_thumb_6cdf

Brokkolisalat er ein spennande salat som passar like godt som hovudmåltid som tilbehør til kjøt-eller fiskerettar. Salaten har mellom anna sprø brokkoli, friske granateplekjerner, sprøsteikt spekeskinke og ein krema dressing med crème fraiche.

Denne salaten lagar du raskt og er perfekt på dagar der du ikkje har tid til å stå med middagen i evigheiter. Spis salaten som måltid eller server den saman med middagsrettar eller på tapasbordet. Dei friske granateplekjernene gir ein søt og spennande smak saman med det salte frå spekeskinke og peanøtter og skarp smak av rødløk. Prøv deg på ein litt annleis salat du også!

cdlxgz32Sa6Z2zChC9sVZA_thumb_6ce2

Ingrediensar til salat for ca. 2-4 personar:

  • 1 brokkoli
  • ½ rødløk
  • 1 granateple
  • 1 neve salte peanøtter
  • 4-5 skiver spekeskinke
  • 150 g creme fraiche/kesam
  • 2 ss majones
  • 1 ss kvitvinseddik
  • 1 lita ts sukker
  • svart pepar

Sprøsteik spekeskinka i ei panne og sett til sides. Del brokkkoli i små bukettar og ha det i ei skål. Skjær rødløk i tynne strimlar og bland saman med brokkoli. Del granateplet i to og ta ut alle kjernene. Prøv deg gjerne på eit triks som eg alltid brukar når eg skal ha granateple. Fyll ei skål med kaldt vatn og riv dei to granateplebitane frå kvarandre slik du får ut alle kjernene ved å halde det heile under vatn medan du jobbar. Slik unngår du at safta sprutar utover alt. Ha granateplekjerner og salte peanøtter i brokkoliskåla. Bland saman crème fraiche, majones, kvitvinseddik og sukker i ei skål og smak til med pepar. Ha dressingen over i brokkolisalaten og bland saman. Knus dei sprøsteikte spekeskinkeskivene over salaten og server.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *