Brokkolisuppe med erter & spekeskinke

DSC_0479

Grøn brokkolisuppe med erter og spekeskinke er enkel og super kvardagsmiddag. Denne milde suppa passar dei fleste ganar og er laga med kokosmjølk som gir ein krema men lett konsistens.

Sidan suppa er laga med kokosmjølk passar det også ypperleg for dei med laktoseintoleranse utan at det går på bekostning av den krema konsistensen. Brokkolisuppa har preg av milde og friske smakar og er ein lett og kjapp middag som passar perfekt ein kvardag. På toppen av suppa har eg servert fersk vårløk, rista graskarkjerner og nydeleg spekeskinke. Den lysegrøne friske fargen kjem av grøne erter og fersk mynte som gir ein forfriskande smak til retten.

DSC_0476

Ingrediensar til brokkolisuppe for ca. 4 personar:

  • ½ gul løk
  • 1 stort fedd kvitløk
  • 1 brokkolihovud (ca. 400 g)
  • 6 dl god kyllingkraft (evt. grønsakskraft)
  • 4 dl kokosmjølk
  • 200 g frosne grøne erter
  • 2-3 ss fersk mynte, finhakka
  • 1 klype chilipulver
  • 1 sitron, safta
  • salt & peppar
  • olivenolje, til steiking

Til servering:

  • 1 vårløk
  • nokre skiver spekeskinke
  • rista graskarkjerner
  • fersk mynte

Finhakk løk og kvitløk og la det surre i litt olivenolje i ein stor kjele over middels varme. Skjær opp brokkolihovudet i små buntar og grovhakk stilken. Ha alt saman i kjelen saman med løken og tilsett kraft og kokosmjølk og la det få eit oppkok. La det heile småkoke i ca. 15 minutter, til brokkolien er mør. Ha i frosne erter og la dei koke med i ca. 1-2 minutter. Tilsett fersk mynte og chili og bruk ein stavmiksar til å kjøre suppa glatt. Smak til suppa med sitronsaft, salt og peppar.

Finhakk vårløken i tynne ringar og tilsett det meste av den i suppa. Server suppa varm og god i skåler og topp med nokre skiver spekeskinke, fersk vårløk, graskarkjerner, ferske mynteblad og nokre dråpar god olivenolje.

DSC_0470

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *