Brownie cookies

DSC_0952

Seige, sprø og søte brownie cookies med kvit sjokolade kan vel kanskje friste ein grå haustsøndag? Saman med ein god kopp kaffe eller te (evt. eit glas kald mjølk) er det berre å krype opp i sofaen og innta kvilemodus.

Når du ikkje klarer bestemme deg for om du har lyst på seige og sprø kjeks eller sjokoladekake, så er brownie cookies svaret. Her får du både sjokoladesmaken og i tillegg den litt sprø og seige kjekskonsistensen i ett. Inni kjeksa er det ei blanding av bitar av kvit karamellisert sjokolade og vanleg kvit sjokolade. Her kan du erstatte innhaldet med det du måtte ønske sjølv; om det er nøtter, mørk sjokolade, tørka frukt eller evt. eit dryss havsalt på toppen.

DSC_0908

Ingrediensar til ca. 15-16 stk brownie cookies:

  • 250 g mørk sjokolade av god kvalitet (her er det brukt 62% kakaoinnhald)
  • 3 ss smør
  • 1 ½ dl sukker
  • 2 egg
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 0,6 dl hvetemel
  • ½ ts bakepulver
  • 1 klype salt
  • 100 g kvit sjokolade, grovhakka

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Ha mørk sjokolade og smør i ein kjele og smelt på lav varme medan du rører rundt litt med ein slikkepott innimellom til sjokoladen er smelta og har blitt glatt og smidig. Sett til sides og avkjøl litt. Ha sukker, egg og vaniljeekstrakt i ein bolle og pisk det lyst og luftig i ca. 10 minutter. Ha i sjokoladeblandinga, alt det tørre og sjokoladebitane og bland saman til ei jevn røre. La røra stå i 10 minutter, til den stivnar litt. Bruk ei spiseskei eller liknande og fordel røra i runde toppar på bakepapirkledt steikebrett med ca. 10 cm mellomrom. Sett midt i ovnen og la dei steike i ca. 8-10 minutter, til kjeksa er krakkelerte og «puffa» opp. Avkjøl på brettet til dei er heilt kalde.

DSC_0945

Nyt kjeksa saman med eit glas kald mjølk eller ein kopp med noko varmt og kos deg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *