Brownie med kjeks, kvit sjokolade & crème fraiche-krem

[dropcap]M[/dropcap]ektig brownie med rik smak av sjokolade som inneheld knasande kjeksbitar og bitar av søt kvit sjokolade. Kven kan motstå det? Ikkje eg iallefall.

Denne browniekaka er fyldig og har ein intens sjokoladesmak som passar perfekt saman med kontrasten frå den søte kvite sjokoladen. Saman med kaka har eg servert ein frisk, syrleg og søt crème fraÎche -krem som balanserar det heile. Om du tilhøyrer oss som likar mørk sjokolade og kombinasjonen av søtt og syrleg er denne kaka perfekt.

DSC_0116

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 16 stk browniestykker:

  • 210 g meierismør
  • 200 g mørk sjokolade (ca. 50-60 % kakainnhald)
  • 2 store egg
  • 2 eggeplommer
  • 260 g sukker
  • 160 g kveitemjøl
  • 55 g bakekakao
  • 1 ts vaniljesukker
  • 60 g kvit sjokolade, grovhakka
  • 60 g Digestivekjeks, grovknuste

Crème fraÎche-krem:

  • 2 dl crème fraÎche
  • 3 ss melis
  • ½ vaniljestang, frøa
  • 1 lime, finrevet skal

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 180 ºC og kle ei firkanta form på ca. 23 cm x 23 cm med bakepapir.

Smelt smør og mørk sjokolade forsiktig i ei skål over vannbad. Rør rundt med ein slikkepott til blandinga er glatt og blank og la det avkjøle seg litt. Pisk egg, eggeplommer og sukker lyst og luftig. Ha den lett avkjølte sjokoladen i eggeblandinga og rør med ein slikkepott i åttetals-bevegelsar til alt er blanda saman. Bland saman kveitemjøl, bakekakao og vaniljesukker i ein bolle og sikt det deretter inn i kakerøra og vend forsiktig inn utan å slå ut for mykje luft av røra. Tilsett kvit sjokolade og Digestivekjeks og rør rundt eit par gongar. Ha røra over i den bakepapirkledde forma og glatt ut på toppen. Sett midt i forvarma steikeovn og la kaka steike i ca. 20 minutter. Kaka skal vere stekt i kantane og fast på overflata, men framleis mjuk og klissete i midten. La kaka avkjølast på rist. Sett deretter kaka i kjøleskapet og la stivne heilt før du skjærer den i små firkantar.

DSC_0127

For å lage kremen har du crème fraÎche, melis og frøa frå vaniljestanga i ein bolle og piskar til det blir stiv krem. Dette tek nokre minutter. Riv skalet frå ein lime og bland det forsiktig inn i kremen. Server porsjonsstykker av browniekaka med ein god klatt crème fraÎche-krem og gjerne nokre ferske bringebær attåt. Nydelig dessert som passar perfekt til kaffekoppen!

DSC_0125

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*