Brownie med salt karamellsaus

dvoqI5HjQEOJZyskstgZ2Q_thumb_7216

Saftig, seig og klissete brownie slår aldri feil, og når ein då i tillegg toppar det med salt karamellsaus, ja då blir det utvilsomt suksess.

Heimelaga brownie synest eg alltid er betre enn dei ein lagar med ferdigpose frå butikken. Akkurat denne gongen var eg allikevel på jakt etter noko som kunne minne litt om konsistensen på pose-brownie. Og det fekk eg til ved å bruke ein litt annleis framgangsmetode enn vanleg. Etter å ha leita ein del på nett etter inspirasjon og tips kom eg fram til denne oppskrifta. Det blei ein god brownie med herleg konsistens og som smaka akkurat passe søtt. Sidan eg toppa det heile med rennande søt karamellsaus så skulle det nok bli søtt nok likevel og det er her saltet kjem inn. Ved å strø over litt maldonsalt over det heile får du ein fin balanse mellom søtt og salt.

MBohcmmbSMG7J29g+F62bA_thumb_71fd

eYRXq6M4RUOaKbtKVIfSyg_thumb_7209

Ingrediensar:

Brownie:

  • 225 smør
  • 225 g sukker
  • 200 g brun farin
  • 4 egg
  • 150 g kveitemjøl
  • 100 g bakekakao
  • 2 ss maizena
  • 1 ts vaniljesukker
  • ½ ts salt

Salt karamellsaus:

  • 2 ½ dl sukker
  • 0,6 dl vatn
  • 1 ts lys sirup
  • 1 ¼ dl fløte
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • ½-1 ts havsalt
  • maldonsalt, til servering

Forvarm steikeomnen til 175 º C og kle ei firkanta form på ca. 22 cm x 22 cm med bakepapir.

Pisk smør, sukker og brun farin mjukt og luftig i kjøkenmaskin. Ha i egga eitt om gongen og pisk godt saman mellom kvart av dei. Bland saman kveitemjøl, kakao, maizena, vaniljesukker og salt og ha det saman med resten. Kjør raskt saman til alt er godt blanda. Prøv å ikkje jobbe for mykje med røra på dette punktet. Fordel røra i forma og glatt ut slik du får ei slett overflate. Set midt i omnen og lat steike i ca. 32-35 minutt. Her må du prøve deg fram litt sidan din omn kanskje ikkje steiker likt som den eg har. Min stod i omnen i 32 minutt og blei ganske klissete i midten og fast i kantane. Avkjøl heilt i forma.

Medan du avkjøler kaka kan du lage karamellsausen. Ha sukker, vatn og sirup i ein medium stor kjele med høge kantar. Lat det koke opp under omrøring på høg varme slik at sukkeret løyser seg opp. La blandinga koke utan at du rører i det i ca. 5-10 minutt eller så lang tid det tek før sukkersirupen har fått ein lys gyldenbrun karamellfarge. Pass på då det går fort frå fin karamellbrun til brent karamell på dette punktet. Skru så ned til lav varme og hell i fløten i ein tynn stråle medan du rører godt rundt. Pass på så det ikkje boblar opp på deg. Ha i vaniljeekstrakt og salt og lat det halde fram med å koke i 1 minutt. Ta så av varmen og hell over i glaskrukke eller liknande. Avkjøl.

Hell lett avkjølt karamellsaus over heile kaka eller del opp i små porsjons-stykke fyrst. No kan du velje å servere lun kake eller setje den i kjøleskapet til neste dag. Begge deler er uansett fantastisk godt. Strø over litt maldonsalt og nyt!

2 comments

  1. Oh my! Gleder meg til å lage denne altså 🙂 Hvor stor form har du brukt? Tror talla har falt ut av innlegget..

    1. Hei! 🙂 Og oisann, det har du jaggu rett i. Ein liten feil der. Blir retta på no! Har brukt 22 cm x 22 cm form. Nydelig god brownie! 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *