Brownies med lakris

DSC_0142

Sjokolade og lakris er to ingrediensar som passar supert saman og gir ein nydelig smakskombinasjon. Her er dei to smakane forent i ein herleg klissete brownies som inneheld både rålakrispulver og bitar av lakris.

Den søte sjokoladesmaken i kombinasjon med den salte lakrissmaken gir eit fullverdig smaksbilde og er nydeleg godt saman. Lakris har blitt meir og meir populært dei siste åra og ikkje minst i kombinasjon med sjokolade. Om du likar både sjokolade og lakris og heller ikkje seier nei til eit stykke god klissete brownies, så er denne kaka garantert noko du vil like.

DSC_0035

Ingrediensar til 1 lita brownieskake med lakris:

  • 140 g smør
  • 140 g mørk kokesjokolade (helst over 60 % kakaoinnhald)
  • 2 dl sukker
  • 2 egg
  • ½ ts vaniljeekstrakt
  • 0,6 dl hvetemel
  • 3 ts rålakrispulver ( eg har brukt Johan Bülow, raw licorice powder)
  • 2-3 stk Kick lakrisstang med havsalt (evt. anna type lakrisfudge)

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Smelt smør og sjokolade i ein kjele på lav varme. Rør rundt med ein slikkepott til blandinga har blitt glatt og glansfull. Sett til sides og la avkjøle i ca. 10-15 minutter. Rør sukker, egg og vaniljeekstrakt saman i kjøkkenmaskin i ca. 2-3 minutter. Ha i den lett avkjølte sjokoladeblandinga og rør forsiktig rundt. Ha i hvetemel og rålakrispulver og bland raskt og forsiktig saman. Ha ca. ¾ av røra i ei bakepapirkledd ildfast form på ca. 24×15 cm. Hakk opp Kick lakrisstengrene i små terningar og strø utover toppen på browniesrøra. Hell så over resten av røra og glatt ut på toppen. Sett inn i forvarma steikeovn og la kaka steike i ca. 30-35 minutter avhengig av korleis din eigen ovn steiker. Kaka er ferdig når den har krakkelert og fått ei sprø overflate og dissar lett i midten når du bevegar på forma. Avkjøl heilt før du skjærer i små porsjonsstykker.

DSC_0125

2 comments

  1. Hei, har lenge tenkt på at kick med havsalt må være godt i kake, takk for oppskrift; denne var nydelig 🙂

    1. Hei! Lakris og sjokolade er ein fantastisk kombinasjon ja! Så her har kaka allereide blitt laga ein del gongar med stor suksess 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *