Brunostkake med bringebær

DSC_0466

Denne kaka har eg tenkt på at eg skulle lage i lang tid, og endeleg fekk eg summa meg til å prøve. I dag er det 1-årsdag for bloggen også, så då passa det perfekt med kake! Stekt ostekake med kremostfyll med brunost, ferske bringebær og ein kjeksbotn med kornmokjeks og eit hint av kardemomme. Oppskrifta på suksess? Ja, det vil eg påstå!

Til å vere ein person som ikkje likte brunost før fylte 27 år så har det plutseleg snudd heilt om og no blir brunosten eksperimentert med i ulike dessertar og kaker. Den litt skarpe og søtlege karamellsmaken brunosten gir er god saman med den syrlege kremosten og dei friske bringebæra. Kaka har silkemjuk konsistens og smeltar på tunga og akkurat i det du synest den søte smaken tek overhand treffer du eit bringebær som gir ein syrleg kontrast. For å gjere det heile komplett kan du servere kaka saman med litt bringebærcoulis med sitron for å få ekstra friskheit.

DSC_0464

DSC_0435

Ingrediensar til ei rund ostekake:

Kjeksbotn:

  • 125 g Kornmokjeks
  • 2 ss sukker
  • 4 ss smør, smelta
  • ¼ ts kardemomme, malt

Ostefyll:

  • 200 g gudbrandsdalsost, høvla i tynne skiver
  • 1 ½ dl fløte
  • ½ vaniljestang
  • 400 g kremost, naturell
  • 225 g sukker
  • 3 egg
  • sitronsaft
  • 100 g ferske bringebær

Pynt:

  • 200-300 g ferske bringebær

Forvarm steikeovnen til 175 ºC og kle ei springform på 22 cm med bakepapir i botnen.

Ha kornmokjeks, sukker og kardemomme i ein foodprocessor og kjør blandinga til du har små smular. Ha deretter i det smelta smøret og kjør blandinga til alt er godt samanblanda. Trykk kjeksblandinga godt utover i springforma slik at du får eit jamnt lag i botnen. Sett midt i steikeovnen og forsteik botnen i ca. 10 minutter. Avkjøl litt på rist og skru ned ovnstemperaturen til 150 ºC.

Skrap ut frøa frå vaniljestanga og ha både stang og frø i ein kjele saman med fløten. La blandinga få eit forsiktig oppkok under omrøring. Ta ut vaniljestanga og trekk kjelen vekk frå plata. Tilsett brunosten i den varme fløten og rør godt rundt med ein visp til all osten er smelta og du får ein litt tjuktflytande masse. Avkjøl litt.

DSC_0447 2

Ha kremost og sukker i ei kjøkkenmaskin og bland saman på lav hastigheit. Tilsett den lett avkjølte brunostblandinga og rør godt saman. Tilsett egga eitt om gongen og bland godt saman mellom kvart av dei. Til slutt smakar du til med litt sitronsaft og vender forsiktig inn heile bringebær uten å knuse dei. Hell osterøra forsiktig over kjeksbotnen og sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 45 minutter. Eg lot kaka mi stå i ovnen i 5 minutter ekstra på ettervarmen frå ovnen før eg tok den ut, men det må du vurdere sjølv utifrå kor hardt din eigen ovn steiker. Kaka skal disse i midten og vere fast på overflata og i kantane når den er ferdig. Avkjøl heilt på kjøkkenbenken før du setter den i kjøleskap over natta eller til den har stivna.

Pynt kaka med heile bringebær på toppen før servering og lag gjerne ein bringebærcoulis til også. Den lagar du ved å ha bringebær, litt melis og sitronsaft i ein stavmiksar og blande til purè. Nyt kaka saman med ein kopp god kaffe, det gjer nemleg eg!

DSC_0423

2 comments

  1. Den så skikkelig spennende ut! Lurer veldig på hvordan den smaker, så den står nå på kaker-jeg-skal-bake lista ^^

    1. Hei! Utruleg god kake (og det kjem frå ei som vanlegvis ikkje er så frykteleg glad i brunost), så denne bør du definitivt prøve!:) ostekaker er nydeleg godt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *