[dropcap]P[/dropcap]anna cotta med smak av brunost og frisk multecoulis av sjølvplukka multer blei søndagsdessert i helga som akkurat var. Denne krema desserten er silkemjuk, smeltar på tunga og passar perfekt til alle brunostelskande søtmonsar!
Brunosten gir den klassiske italienske desserten eit preg av karamellsmak og saman med multer blei desse norske smakane ein perfekt match. I utgangspunktet har eg aldri vore nokon brunostperson (utruleg nok som nordmann), men det siste året har det falt meir og meir i smak. Den søte smaken passar nydeleg i dessert og gir ein litt annleis dessertopplevelse. Desserten er laga på få minutter og krever lite utstyr, så her er det berre tida i kjøleskapet til puddingen har stivna du må vente på.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 4-6 porsjonar brunost panna cotta & multecoulis:
Brunost panna cotta:
- 4 dl kremfløte
- 1 dl + 2 ss demerarasukker
- 6 skiver brunost (type G35)
- 3 plater gelatin
Multecoulis:
- 2 dl multer
- 2-3 ss sukker
- 1 ts vaniljeekstrakt
- sitronsaft
Tilbehør:
- knuste amarettikjeks
- sitronmelisse
[/recipe-foody]
Legg gelatin i bløt i kaldt vatn. Ha kremfløte og sukker i ein kjele og kok det opp medan du rører litt med ein visp. Så snart det boblar opp tar du kjelen av varmen og har i brunosten. Rør rundt til den har løyst seg opp. Klem ut vatnet av gelatinplatene og ha det i fløteblandinga og rør til det er oppløyst. Hell over fløteblandinga i porsjonsglas og la det stå på kjøkkenbenken i nokre minutter før du setter det kaldt i kjøleskap. La panna cottaen stå i minimum 4 timar før servering, til den har stivna.
Bland saman multer, sukker og vaniljeekstrakt og kjør ca. halvparten av det i ein stavmiksar slik at du får både saus og heile multer. Hell litt multecoulis på panna cottaen og knus amarettikjeks over. Server umiddelbart.
Kanskje blir denne nydelege desserten med norske smakar på menyen til helga igjen? Nyt!