Bruschetta med balsamicomarinerte jordbær & chèvre

[dropcap]S[/dropcap]nart nærmar det seg bærsesong igjen her i Norge, men enn så lenge får vi klare oss med dei utenlandske bæra på butikken. Denne enkle retten som fungerer som både forrett, lunsj og snack har god smak frå jordbær som er marinerte i balsamico og basilikum og er nydeleg saman med god ost og godt brød.

Bruschetta er ein italiensk rett som oftast består av stekt eller grilla brød med olivenolje,kvitløk og havsalt. Min variant er uten kvitløk og har skiver av god chèvre og masse jordbær som er marinerte i ein balsamico-og basilikumlake. Nokre av dei har også fått god spekeskinke på seg som gir ein fin saltsmak til det søte og friske frå jordbæra. Brødet eg har brukt er skiver av heimelaga baguette som eg har stekt i steikepanna med litt olivenolje og eit dryss havsalt. Retten er kjapp og enkel å lage og passar perfekt i tida framover med varmare og lysare dagar ein (forhåpentlegvis) kan tilbringe utendørs.

DSC_0632

[recipe-foody]Ingrediensar til bruschetta for ca. 4-6 personar:

Balsamicomarinerte jordbær:

  • 300 g jordbær
  • 4 ss balsamicoeddik
  • 3-4 ts sukker
  • 2-3 ss fersk basilikum, finhakka
  • nokre dråpar limesaft
  • 1 stor baguette
  • olivenolje
  • havsalt & peppar
  • 250 g chèvre, i skiver
  • 100 g spekeskinke
  • fersk basilikum

[/recipe-foody]

Skyll og rens jordbær og skjær dei deretter i små skiver eller terningar og legg i ei skål. Ha i balsamico, sukker, basilikum og litt limesaft og bland det forsiktig saman. La dette stå og godgjere seg i ca. 20 minutters tid, slik at smakane sett seg og det dannar seg ein slags lake i botnen på skåla. Rør rundt i det litt av og til.

Varm opp ei tørr steikepanne. Skjær baguetten i skiver på skrå og ha på litt olivenolje på begge sider. Dryss over litt havsalt og steik skivene på middels varme til brødet blir sprøtt og gyldent. Fordel chèvre, spekeskinke og marinerte jordbær på baguetteskivene og strø over litt fersk basilikum og nykverna svart peppar.

DSC_0623 2

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*