Brytebrødrundstykker

[dropcap]F[/dropcap]erske, saftige og luftige rundstykker er noko av det beste som finnest! Her har du oppskrifta på lettlaga rundstykker til frokost eller lunsj.

Rundstykker i alle variantar og med forskjellige smakar blir det eksperimentert med ganske så ofte hos meg. Denne gongen ville eg ha heilt enkle og nøytrale rundstykker som smaksmessig passar til det meste. Resultatet på eksperimenteringa blei utruleg luftige og saftige rundstykker.

DSC_0186

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 16-18 stk rundstykker:

  • 7 dl hvetemel
  • 4 dl steinmalt speltmel (frå Mylnå, bruk evt. anna type speltmel)
  • 4 dl sammalt grovt hvetemel
  • 25 g fersk gjær
  • 1 ts salt
  • 5 dl melk
  • 1 dl gresk yoghurt
  • 50 g smør, romtemperert og i terningar
  • vatn
  • ulike typar frø til pynt (sesamfrø, valmuefrø, solsikkefrø, gresskarkjerner etc.)

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensar unntatt smøret i ein bakebolle og elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter. Tilsett smøret og la deiga elte i 5 minutter ekstra. Når deiga er blitt glatt og smidig sett du den til heving til dobbel størrelse, ca. 1-2 timar.

Forvarm ovnen til 200 ºC. Del deiga i 16-18 like store emner og trill bollar. Ha kaldt vatn i ei lita skål og ha dei/den typen frø du ønsker å ha på toppen i små skåler eller fat. Dypp bollane i vatnet og så over i frøa og sett dei med frøa opp på bakepapirkledt steikebrett med ca. 1 cm mellomrom, slik at dei då vil heve saman slik du får brytebrød. La rundstykka heve til dobbel størrelse, ca. 45 minutter.

DSC_0196

Steik rundstykka midt i ovnen i ca. 15-20 minutter (alt etter korleis ovnen din steikar) og avkjøl så på rist. Bryt frå rundstykker og server som tilbehør til supper og liknande eller til frokost/lunsj med godt pålegg.

DSC_0191

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*