Burger med chevreost & sennepsdressing

DSC_0459

Heimelaga hamburger og hamburgerbrød med ein litt annleis vri. Denne burgeren er eit spennande alternativ til den vanlege burgeren, med sine enkle og smakfulle råvarer.

Heimelaga hamburger treng slettes ikkje å ta alt for lang tid å lage og gir eit hav av forskjellige smaksvariasjonar. Denne gongen har burgeren fått preg av franske smakar (overraskande nok?!) med god chevreost, timian og ein nydeleg senneps- og honningdressing. Deiga til hamburgerbrøda inneheld speltmel og er eit bedre alternativ til dei lyse brøda på butikken.

DSC_0456 kopi

Ingrediensar til 3 middels store hamburgerar med tilbehør:

Hamburgerbrød ( gir 8 middels store brød):

  • 250 g grovt sammalt speltmel
  • 300 g hvetemel
  • 10 g salt
  • 20 g gjær
  • 2 ss olivenolje
  • 350 g romtemperert vatn
  • sesamfrø til pynt

Karbonader:

  • 400 g kjøtfarse av storfe
  • 1 middels sjalottløk, finhakka
  • 3-4 ss fersk timian, finhakka
  • 1 egg
  • salt & peppar

Sennep-og honningdressing:

  • ½ dl akasiehonning
  • ½ dl sitronsaft
  • 1 dl rapsolje
  • 4 ss dijonsennep

Tilbehør:

  • ruccula eller annan grøn salat
  • 1 rødløk, i ringar
  • 200 g chevreost, i skiver
  • agurk, i skiver
  • fersk timian
  • evt. sprøstekt bacon

Ha alle ingrediensane til hamburgerbrødet i ein bakebolle og elt i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter, til deiga har samla seg og blitt glatt og smidig. Tilsett eventuelt meir væske eller mel etter behov. Form deiga til ein ball og legg til heving i ca. 1 ½ time eller til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 220 ºC. Del deiga i ca. 8 like store emner og trill ut til bollar. Kjevle dei så flate til ca. 1- 1½ cm høge leiver og sett til heving på steikebrettet i ca. 45 minutter. Pensle så med egg og strø sesamfrø på toppen. Steik hamburgerbrøda midt i ovnen i ca. 15 minutter til dei har blitt fine og gyldne.

Bland saman honning, sitronsaft og rapsolje i eit glas med lokk og rist godt. Ha så i sennep og bland godt. Her kan du sjølv justere mengda etter kor sterk smak du vil ha. Denne dressingen held seg lenge i eit tett glas i kjøleskapet og er også veldig god saman med salat og kylling.

For å lage karbonadene til burgeren blandar du saman kjøtfarse, egg, sjalottløk og timian. Krydre så godt med salt og peppar. Del opp blandinga i 3 like store delar og form til runde kuler. Trykk dei så lett flate og steik i grillpanne/steikepanne med olivenolje og smør på høg varme i ca. 1-2 minutter på kvar side. Når du snur over karbonadene på andre sida legg du på nokre skiver med chevreosten slik at den får smelte lett.

Server så hamburgerbrødet med salat, agurk, rødløk, karbonade med chevre, litt fersk timian og ein god porsjon med senneps- og honningdressingen over og nyt!

DSC_0461

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *