Byggotto med erter & ørret

fvmanpzkrawo6befkxbpg_thumb_62c3

Byggotto er rett og slett risotto som er laga på byggryn. Byggottoen er kokt med grøne erter og persille og blir kremete og god saman med pannestekt ørret med sitronpeppar.

Byggryn inneheld mykje kostfiber og er eit sunnare alternativ til den vanlege arboriorisen som originalt blir brukt til risotto. Byggottoen får ein klebrig og fyldig konsistens på grunn av stivelsen i gryna. Saman med rikeleg av parmesan får du eit mettande og godt tilbehør til fisk eller kjøt. Byggotto kan også vere eit fint måltid i seg sjølv og kan smaksettjast med kva du måtte ønske. Byggryna bør med fordel leggast i blaut over natta eller minst 3-4 timar.

oy7atyk7q7wuhyfgjoww_thumb_62c0

Ingrediensar til byggotto med erter & ørret for ca. 4 personar:

  • 4 stk ørretfilet, naturell (à 125 g)
  • sitronpeppar
  • olivenolje, til steiking

Byggotto:

  • 2 dl byggryn
  • 2 sjalottløk, finhakka
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 5-6 dl grønsakskraft/fiskekraft (evt. buljong)
  • 1 ts kvitvinseddik
  • 350 g frosne grøne erter
  • ¾ dl parmesan, reven
  • 2-3 ss fersk kruspersille, finhakka
  • ein klatt smør
  • nokre dråpar sitronsaft
  • salt & peppar
  • olivenolje, til steiking

Legg byggryna i kaldt vatn over natta eller nokre timar før du skal bruke dei.

Varm opp litt olivenolje i ein kjele og la sjalottløk og kvitløk surre på lav varme til det mjuknar. Hell av vatnet på byggryna og ha gryna i kjelen saman med løken. Rør godt rundt og skru opp varmen litt. Hell i kvitvinseddik og krafta i kjelen litt og litt om gongen og rør godt mellom kvar gong. La væska koke inn litt før du heller på meir. Hald på slik til mesteparten av væska er kokt inn og byggryna har fått koke i ca. 15 minutt. Ta vare på litt av krafta til servering slik du kan spe på med meir væske om den blir for tørr. Skyll dei grøne ertene under varmt vatn slik dei tinar opp. Bruk ein stavmiksar og kjør mesteparten av dei til purè, men ta vare på nokre heile erter til servering. Ha ertepurèen i byggottoen og bland det godt saman. La det surre med i eit lite minutt før du har i smør, parmesan, persille og heile erter. Smak til med sitronsaft, salt og peppar etter behov. Dersom byggottoen er litt tørr har du i meir kraft.

Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne. Krydre ørretfiletane med sitronpeppar og steik dei på middels høg varme i ca. 2 minutt på kvar side slik dei får ei gylden steikeskorpe. Server ørreten på ein god klatt byggotto og strø gjerne over litt persille på toppen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *