Byggotto med pastinakk & hjort

Risotto eller byggotto er ein rett eg er utruleg glad i å lage sjølv om det blir alt for lenge mellom kvar gong. Risotto er fint både som forrett, hovudrett eller tilbehør og kan lagast med nesten kva som helst. Dei siste åra har eg blitt ekstra begeistra for byggryn og synest desse gir ein ekstra god konsistens til risottoen.

Denne gangen har eg smaksett byggottoen med pastinakk som gir ein lett søt smak, og servert den saman med steikt hjortefilet og rotgrønsakschips. Har du ikkje tilgong på kjøt av hjort kan du fint bruke storfe i staden.

[recipe-foody]Ingrediensar for ca. 4 personar:

  • 200 g byggryn
  • 1,5 liter kraft (gjerne av grønsaker eller kylling)
  • 3 middels store pastinakk
  • 2 sjalottlauk
  • 40 g smør
  • 1/4 dl kvitvinseddik
  • 50 g parmesan, riven
  • timian (gjerne fersk)
  • salt & pepar
  • ca. 600 g ytrefilet av hjort
  • rotgrønsakschips (gjerne heimelaga, men frå butikken funkar flott)
  • fersk timian, til servering

[/recipe-foody]

Ha krafta i ein kjele og gi det eit lett oppkok. Skru ned varmen og hald det varmt. Skrell pastinakken og riv den grovt på eit rivjern. Finhakk sjalottlauken. Smelt halvparten av smøret i ein stor kjele og ha i sjalottlauk og pastinakk og lat det surre på middels lav varme til lauken er blank og mjuk. Ha i kvitvinseddik og lat det koke inn litt. Tilset byggryna og resten av smøret. Rør godt rundt og lat dei steike med eit par minutt. Ha i ei ause med krafta og lat det koke inn under jamn omrøring før du har i neste ause med kraft. Fortset slik til du har brukt opp det meste av krafta, men spar litt til servering. Dette vil ta ca. 18-20 minutt. Rør med jamne mellomrom slik det ikkje brenn seg i botnen.

Medan byggottoen er undervegs kan du steike hjortefileten. Krydre med salt og pepar og steik i godt med smør og olje i ei panne på middels høg varme. Steik i eit par minutt på kvar side slik du får ei fin steikeskorpe. Skru ned varmen og lat ligge nokre få minutt ekstra (avhengig av tjukkleik på stykket og kor godt steikt du likar det). Lat kjøtet kvile i 10 minutt før du skjærer i det.

Rett før servering har du i parmesan og fersk timian i byggottoen og smakar til med salt og pepar. Dersom du synest den er for tjukk sper du ut med litt ekstra kraft. Server byggotto med tynne skiver hjort, fersk timian, parmesanflak og chips av rotgrønsaker.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*