Byggrynsgraut med epler & karamell

DSC_0602

Denne grauten har eg hatt på lista over ting å prøve i lang tid og no vart det endeleg. Grauten er super som ein litt ekstra god frukost og mettar i lang tid. Byggrynsgrauten er kokt på mjølk og servert saman med dulce de leche (kondensert søta mjølk som er kokt til karamell), rista valnøtter og friske epler.

Graut har fått eit oppsving dei siste åra og spesielt i Danmark er denne retten meget populær. Der kan du få graut servert på mange måtar i grautbarar. Noko seier meg at denne trenden kjem til å auke enda meir også her til lands. Inspirasjonen til denne retten har eg fått nettopp frå ein dansk grautbar som mellom anna serverer graut med karamell og fersk frukt. Dulce de leche treng nokre timar for å lagast, så den er det lurt å lage på førehand kvelden før. Byggryna skal også leggast i blaut i kaldt vatn kvelden før, så her gjeld det å planlegge litt.

Ingrediensar til byggrynsgraut for ca. 4 personar:

  • 2 ½ dl heile byggryn
  • 1 l heilmjølk
  • ½ vaniljestang
  • 1 klype salt

Tilbehør:

  • dulche de leche (etter oppskrift her)
  • 1-2 epler
  • ein neve valnøtter
  • kanel
  • evt. gresk yoghurt (kan sløyfast)

Legg byggryn i blaut i kaldt vatn kvelden før.

Neste morgon heller du av vatnet frå byggryna. Skrap ut vaniljefrøa frå vaniljestanga og ha både frø og stang saman med mjølka i ein stor kjele. La mjølka koke opp og tilsett deretter byggryna. La det koke på middels lav varme i ca. 25 minutter med omrøring innimellom slik det ikkje brenn seg i botnen på kjelen. Grauten er ferdig kokt når den har fått ein krema og tjukk konsistens. Rør til slutt inn ei klype salt.

Varm opp ei tørr steikepanne og rist valnøttene eit par minutter på middels varme til dei har fått gyldne flekkar. Skjær opp epler i passande terningar eller skiver og server den varme grauten med ein klatt dulce de leche, epleterningar, valnøtter, kanel og evt. litt gresk yoghurt om du ønskar det.

DSC_0594

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *