Byggrynskrem med syltetøy & bær

vderqgpurtkt4siuihkeqq_thumb_63d9

Det nærmar seg sakte og sikkert jul og høgtid, og då er riskrem eit fast innslag i veldig mange heimar. Her har eg laga ein liten vri på den klassiske riskremen med raud bærsaus og laga riskrem av byggryn og servert den saman med krydra bjørnebærsyltetøy og ferske bær.

Eg er svært glad i den tradisjonelle riskremen og synest den må stå på menyen kvart einaste år. Eg er oppvaksen med riskrem som inneheld hakka mandlar og er servert saman med ein god heimelaga kirsebærsaus som mor mi alltid lagar. Då er riskremen aller best! Allikevel får ein som matentusiast alltid lyst til å eksperimentere og teste ut nye oppskrifter og utgåver av klassiske rettar. Byggryn synest eg gir ein veldig god konsistens på grauten og i tillegg både er og følest den hakket meir sunn enn vanleg ris. Saman med byggrynskremen har eg servert eit heimelaga bjørnebærsyltetøy som er krydra med julesmakar som stjerneanis, kanel og vanilje. Den lett søte smaken frå vaniljekorna og kremen smakar nydeleg saman med det godt krydra syltetøyet med frisk smak og tyggemotstanden frå byggryna.

For å lage byggrynskremen må du koke graut av byggryn dagen før du skal lage til desserten eller eventuelt bruke restar av byggrynsgraut om du har det ståande. Desserten krever litt planlegging, men er til gjengjeld svært enkel å lage og smakar nydeleg godt!

vzewltyqimrtb667jptig_thumb_63ed

lt%8cit7t4ox5m0cnzdndq_thumb_63f2

Ingrediensar til byggrynskrem for ca. 6 personar:

Byggrynsgraut:

  • 2 dl byggryn (lagt i blaut dagen før)
  • 1 liter heilmjølk
  • 1 klype salt

Byggrynskrem:

  • 4 ½ dl kremfløte
  • 6 dl byggrynsgraut, kald
  • 3 ts sukker
  • 3 ts vaniljesukker

Til servering:

  • krydra bjørnebærsyltetøy (oppskrift her)
  • ferske bær

Legg byggryn i blaut i kaldt vatn over natta eller 4-6 timar før du skal koke grauten. Hell av det overflødige vatnet. Ha byggryn og mjølk i ein stor kjele og gi det eit oppkok under omrøring. La grauten småkoke i ca. 30-35 minutt og rør godt rundt med jamne mellomrom slik at den ikkje brenn seg fast i botnen på panna. Når du har fått ein tjukk og fin graut trekk du kjelen frå varmen og rører inn saltet. Avkjøl grauten før du sett den i kjøleskap til neste dag.

junxbomequ6squctgkqquq_thumb_63c7

Pisk kremfløte, sukker og vaniljesukker til stiv krem. Ha den kalde grauten over i ein bolle og rør rundt litt slik du får løyst den opp. Rør inn ¼ av kremen i grauten slik den jamnar seg ut. Til slutt vender du inn resten av kremen i grauten til du får ein luftig og lett byggrynskrem. Server saman med ein god porsjon syltetøy og topp med ferske bær. Vær så god og nyt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *