Caesar-salat med kylling & bacon

[dropcap]D[/dropcap]en klassiske Caesar-salaten er så god at ein sjeldan går lei. Salat, sprø kvitløkskrutongar, parmesan, og dressing saman med sprøsteikt bacon og saftig kylling kan ikkje slå feil.

Salaten er enkel å slenge saman og kan varierast med ulike typar salat og grønsaker. Originalt er salaten (som har opphav frå 1920-talet) utan både bacon og kylling, men dette synest eg gir ein ekstra god smak og eit fullverdig måltid. Brødkrutongane eg har brukt er etter oppskrifta frå dette tidlegare innlegget. Retten er passande som lunsj eller middag eller også som forrett dersom du delar porsjonen på ca. 4 personar.

3IxtU6IRQ6qvEJGpLncdnQ_thumb_6fdb

hTVahemiTeige9if%0vq5Q_thumb_6fe3

[recipe-foody]Ingrediensar for 2 personar:

  • ca. 250 g kyllingbryst, helst med skinnet på (brukt her; Stange landkylling)
  • 100 g bacon, i strimlar
  • 1 neve brødkrutongar (gjerne etter oppskrift her)
  • 200 g salat (romano, crispy, ruccula etc.)
  • ½ rødløk, i tynne strimlar
  • evt. agurk eller anna grønsak etter ønske
  • parmesanflak, til servering
  • kvitvinseddik, til servering
  • ½ sitron, safta
  • sitronpepar (krydderblanding) & salt
  • smør, til steiking

Dressing:

  • 1 stor eggeplomme
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • ½ ts Dijonsennep
  • ½ ts worcestershiresaus
  • 1 ss sitronsaft
  • 1 ss olivenolje
  • 1 dl rapsolje
  • 1 ss parmesan, riven
  • 1 klype cayennepepar
  • svart pepar

[/recipe-foody]

Krydre kyllingbrystet med rikeleg av sitronpepar og litt ekstra salt. Varm opp litt smør i ei steikepanne og steik kyllingbrystet med skinnsida ned på høg varme i ca. 2 minutt, til skinnet er gyldent og sprøtt. Skvis over litt sitronsaft. Snu kyllingen og steik i ca. 2 minutt også på denne sida. Skru deretter ned på lav temperatur og la kyllingen steike til den akkurat er gjennomsteikt. Snu kyllingen med jamne mellomrom. La kyllingen kvile medan du gjer klart resten.

Steik baconet på tørr steikepanne til det er sprøtt og gyldent og legg til sides. Del det gjerne opp i mindre bitar. For å lage dressingen har du eggeplomma i ei skål og piskar med ballongvisp til det blir luftig og lysare på farge. Ha i kvitløk, sennep og worcestershiresaus og pisk det godt inn. Ha i sitronsaft og olivenolje under omrøring. Hell rapsoljen i ein tynn stråle i eggeblandinga medan du stadig piskar godt slik det ikkje skil seg. No skal du ha fått ein tjukk og luftig majones. Ha i parmesan og smak til med cayenne og pepar.

Bland saman salat, rødløk og evt. agurk og hell over rikeleg av dråpar med kvitvinseddik. Skjær kyllingbrystet i skiver. Fordel brødkrutongar og bacon i salaten og topp med skiver av kyllingbryst og parmesanflak. Server med dressingen og nyt!

gOu1nBj7Qvyl4S+iHQpHTw_thumb_6fd7

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*