Brød & gjærbakst

Eltefritt brød

REKLAME/SPONSA INNLEGG [dropcap]D[/dropcap]en siste tida har det aller meste av brødbaksten eg har laga vore av den eltefrie typen. Då har brøda stort sett vore bakt i gryte og fått ein fin og rund fasong. Denne gongen ville eg ha eit “vanleg” brød og steikte det i vanleg brødform. Resultatet […]

Pestosnurrar med fenalår

[dropcap]G[/dropcap]jærbakst med godt fyll er noko av det beste eg veit og spesielt når det inkluderer spekemat. Desse snurrane med grøn pesto og tynne skiver fenalår er nydeleg gode og perfekt tur-eller nistemat.

Pitabrød

[dropcap]P[/dropcap]itabrød er det perfekte tilbehør til middags-rettar. Den hole lomma i brødet kan fyllast med ulike typar kjøt eller fisk, salat eller pålegg og passar fint både til lunsj og middag.

Grovbrød

[dropcap]G[/dropcap]rove brød til kvardags er nødvendig til matpakken og desse brøda passar heilt topp til det føremålet. Brøda inneheld både rug, havre og fullkorn og er akkurat passe grove.

Eltefrie femkornbrød

[dropcap]E[/dropcap]ltefri brødbaking er noko eg stadig gjentek og resultatet blir alltid vellukka. Denne gongen ville eg lage litt meir grov og sunn bakst og då blei resultatet halvgrove brød med femkornblanding.

Solskinsbolle

[dropcap]S[/dropcap]olskinsbollar er kanelsnurrar som har ei “sol” av gul eggekrem i midten og smakar nydeleg godt enten det er sol eller ei. Bollane er baka med speltmjøl og blir luftige og gode.

Surdeigsrundstykke

[dropcap]S[/dropcap]urdeigsbrød får ein meir intens smak og skorpe som er skikkeleg seig og sprø. Desse rundstykka er laga med surdeig og har nydeleg god smak og struktur.