Earl Grey- Granola

Kvardags-frukostane mine består svært ofte av gresk yoghurt eller annan type mjølkeprodukt toppa med ferske bær og heimelaga granola eller müsli. Lukta av Earl Grey-te gir meg umiddelbart kjensla av tidleg morgon og ein god start på dagen. Derfor er denne granolaen med eit lite hint av nettopp denne teen perfekt til dagens fyrste måltid.

Fortsett å les «Earl Grey- Granola»

Bananvafler

Atter ein gong låg det godt overmodne bananar med brunflekkete skal i fruktskåla og eg måtte prøve å bruke dei til noko godt. I morgon er det den store vaffeldagen, og då vart det utgangspunktet for ei ny oppskrift. Bananvafler er saftige, mjuke og smakar nydeleg med kesam og fersk eksotisk frukt.

Fortsett å les «Bananvafler»

Sandwich med persimon, brie & bacon

Når ein ikkje verken har tid eller lyst til å lage eit stort måltid og må ha noko lite og enkelt å ete er ein varm sandwich perfekt. Denne består av pannestekte skiver med søt persimonfrukt, sprøstekte baconskiver og smelta brie. Enkelt og smakfullt lite måltid som tek kort tid å lage!

Fortsett å les «Sandwich med persimon, brie & bacon»