Frokost

Kald byggrynsgraut-frukost

[dropcap]D[/dropcap]ersom du lagar byggrynsgraut og sitt igjen med restar i kjøleskapet kan du fint bruke dette til å lage ein kald frukostgraut. Her har eg blanda byggrynsgraut med kefir og honning og får ein super og mettande frukost.

Byggrynsgraut med epler & karamell

[dropcap]D[/dropcap]enne grauten har eg hatt på lista over ting å prøve i lang tid og no vart det endeleg. Grauten er super som ein litt ekstra god frukost og mettar i lang tid. Byggrynsgrauten er kokt på mjølk og servert saman med dulce de leche (kondensert søta mjølk som er […]

Sjokoladegranola

[dropcap]A[/dropcap]v og til er sjokoladetrangen så stor at det fristar til og med til frukosten. Denne heimelaga granolaen med sjokolade er kanskje ikkje den sunnaste, men litt luksus må ein vel kunne unne seg ein gong iblant, sjølv til frukost?

Eltefrie valnøttrundstykker

[dropcap]E[/dropcap]ltefrie og rustikke rundstykker med valnøtter er fine saker til både frokost og til å dyppe i suppa til middag. Aller best er dei nok heilt nystekte og rykande varme med smør på. Sprø og knasande skorpe, saftig innmat og nøttesmak. Treng eg seie meir?

Earl Grey-vafler

[dropcap]D[/dropcap]esse søte vaflene med eit hint av Earl Grey-te toppa med ferske skiver av pærer og vaniljeyoghurt blei helgefrukosten her i huset i dag. For i helga er vel alt lov?

Bananpannekaker

[dropcap]P[/dropcap]annekaker laga på bananar er lettlaga, sunn og god frukost og passar like godt i kvardagen som til helg. Har du godt modne bananar og har lyst på noko godt til frukosten er desse eit godt valg.

Graven ørret

[dropcap]G[/dropcap]raven laks eller ørret blir ofte brukt til jul og koldtborda rundt julehøgtida, men denne nydelege fiskeretten er like god heile året rundt. Om du ikkje rakk å lage dette til jul så er det berre å sette i gong no, så har du eit smakfullt og sunt pålegg til […]

Granola med epler & kanel

[dropcap]G[/dropcap]ranola smakar nydeleg til både frukost, mellommåltid, lunsj eller som snacks. Eplegranola med kanel og honning er perfekt og mettande frukost saman med meieriprodukter og gir ein fin start på dagen.