Kvardags-frukostane mine består svært ofte av gresk yoghurt eller annan type mjølkeprodukt toppa med ferske bær og heimelaga granola eller müsli. Lukta av Earl Grey-te gir meg umiddelbart kjensla av tidleg morgon og ein god start på dagen. Derfor er denne granolaen med eit lite hint av nettopp denne teen perfekt til dagens fyrste måltid.
Kategori: Glutenfritt
Jordbærmoussekake på nøttebotn
Friske kaker med bær er perfekt no i sommarhalvåret når ein ønsker noko godt å servere gjestane. Denne kaka har ein nøttebotn med mandler, frisk jordbærmousse og ferske jordbær på toppen.
Glutenfrie pitabrød
Pitabrød er supert tilbehør til alle mulige slags rettar og er svært enkelt å lage. Desse blir store og mjuke og er eit supert alternativ dersom du har glutenallergi.
Suksessterte med pistasj
Ingen påskeferie uten den tradisjonelle suksessterta eller gulekake som den også blir kalla. Min versjon inneheld 50/50 med mandlar og pistasjnøtter som gir ein god og rund smak på kaka. På toppen har du selvfølgelig den gode eggekremen som smeltar på tunga!
Glutenfri pasta
Det er mange glutenfrie gode pastatypar å få i butikken, men det er uansett ingenting som slår god heimelaga pasta. Denne pastaen lagar du enkelt og kan brukast som utgangspunkt til mange typar pastarettar.
Blomkålpizza
Blomkålpizza er saftig, smakfull og sunn pizza som du lagar på 1-2-3. Botnen er laga av fersk blomkål, egg og ost som gir det ein saftig og god smak.
Frøknekkebrød med bokkveite (glutenfrie)
Knasande sprø knekkebrød med godt pålegg er skikkeleg godt til frukost, lunsj eller mellommåltid. Desse er laga av frø og mjøl av bokkveite og er derfor heilt glutenfrie. Smekk saman ei røre og fyll opp lageret til kvardagsmåltida du også!
Glutenfrie nanbrød
Glutenfrie seige sjokoladecookies
Seige amerikanske cookies med mjuk kjerne, sprø kantar og sjokoladebitar er noko av det beste eg kan få av småkaker. Eg har lenge hatt lyst å få til ein glutenfri variant av desse og etter eit par forsøk fekk kjeksa akkurat den seige konsistensen eg ønska.