Fenalår & konservering av kjøt

HZIhfxRXQdawaKZfKFY7qw_thumb_632b

Det nærmar seg sakte men sikkert desember og jul, og dermed tid for spekemat i ulike utgåver. Kvart einaste år er fenalår ein del av menyen både i førjulstida og jula hjå familien min. Og no var tida komen for å salte og gjere klart fenalåret også i år dersom det skal rekke å  bli ferdig til jul.

Fortsett å les «Fenalår & konservering av kjøt»

Flatbrød med rosmarin & havsalt

otawwxa1tti9u6qj3m0lta_thumb_6644

Januar er godt i gong og jula er eit tilbakelagt kapittel. Dei fleste har nok blitt metta på mektig julemat og søtsaker og er klare for lettare måltid den komande tida. Framleis har mange spekematrestar i hus og det perfekte tilbehør til det er flatbrød. Dette flatbrødet har mykje smak av rosmarin og havsalt og er enkelt å lage.

Fortsett å les «Flatbrød med rosmarin & havsalt»

Nyttårsdesserten

pixlr-2

No er det ikkje mange dagane att av året og det er på høg tid å planlegge menyen for nyttårsaftan. For veldig mange er det kalkunen som står på bordet til middagen, medan desserten kanskje varierer litt meir frå heim til heim. Her er iallefall nokre gode forslag til dessert og kaker som er ei flott nyttårsfeiring verdig.

Fortsett å les «Nyttårsdesserten»

Julegodt

pixlr

Med berre få dagar att til den store dagen står nok gjeremåla på rekke og rad for dei aller fleste no i julestria. Då er det fint med oppskrifter på noko søtt og godt som ikkje tek timesvis å lage eller er alt for mykje arbeid å lage. Her har eg samla nokon få gode søtsaker som gjerne høyrer med til julekosen her i heimen.

Fortsett å les «Julegodt»

Pepperkakebiscotti

eoifj1u6t2qom8zvi3guw_thumb_662b

No når det er juletid får eg liksom ikkje heilt nok av alle julekrydder og spesielt då smaken av peparkaker. Biscotti er sprø italienske kjeks som smakar godt å dyppe i kaffèen eller til å nytast slik dei er. Denne  utgåva har fått smaken av gode peparkakekrydder og inneheld også valnøtter og eit lite hint av sjokolade på toppen.

Fortsett å les «Pepperkakebiscotti»

Glutenfrie potetlomper

e4qm9%cbrjqyfcxe1inhsa_thumb_659e

Ikkje alle av oss er så heldige at vi tåler gluten og alle dei gode bakevarene ein kan lage. Potetlomper er sjølvsagt bakst til jul og er noko som er så godt at alle burde ete det. Desse er fri for gluten og kan derfor nytast av alle, utan at det går på bekostning av smaken.

Fortsett å les «Glutenfrie potetlomper»

Potetlefser

vaqvxsfvq9w216s7e4nb1g_thumb_6553

Saftige og mjuke potetlefser er perfekte å bruke som tilbehør til spekemat, lutefisk eller til å fylle med ulike typar middagar. Her har heimelaga potetlomper og potetlefser også blitt brukt som lefse til tacoen med stor begeistring. Så har du lyst på god bakst til alle koldtbord og julemåltid i den komande tida og ellers i året så er dette verdt å ta seg tid til å lage.

Fortsett å les «Potetlefser»

Lefser (tynnlefser)

k6qer8kxqyyczeen8qeug_thumb_650f

Lefsebaking til jul er fast tradisjon kvart einaste år. Då samlar eg, mamma og tante oss på kjøkenet og kjevler, smører og brettar til den store gullmedalje. I år som i fjor har vi laga ein haug med lefser som er fint pakka og fryst ned til jula. Lefsene er mjuke og saftige og fylte med ein smørkrem med masse kanel og smakar nydeleg godt!

Fortsett å les «Lefser (tynnlefser)»

Safrankringle med vaniljekrem

0tlyr8dbqbmbbamkgbtxw_thumb_64eb

Safran er noko som mange forbind med adventstid, lucia-feiring og lussekattar. For meg er safran noko av det beste eg kan smaksette gjærbakst med og eg tek gjerne ein ekstra lussekatt eller to. Her har eg brukt safran som smakstilsetjing til ei stor kringle som er fylt med vaniljekrem og toppa med sukker og hakka hasselnøtter.

Fortsett å les «Safrankringle med vaniljekrem»