Jul

Waldorfsalat

[dropcap]D[/dropcap]å er siste dagen i året komen og vi skal snart starte på eit nytt spennande år. Veldig mange serverer kalkun til årets siste middag og då er ein waldorfsalat alltid fast inventar. Her er min versjon på det elska kalkuntilbehøret.

Peppermyntekonfekt

[dropcap]D[/dropcap]esse nydelige konfektbitane har eg funne oppskrifta på i Skafferiets kokebok frå det flotte Skafferiet på Mjøsa. Det er fyrste gongen eg prøvar meg på desse, men definitivt ikkje siste gong. Dei består av herleg og krema mintfyll i midten og eit tynt lag mørk sjokolade på utsida. Rett og slett nydeleg!

Mjuke karameller

[dropcap]K[/dropcap]arameller er noko dei aller fleste heimar har til jul i både den eine og andre varianten. Nokon likar mjuke karameller og nokon likar harde karameller som minner meir om små drops. Eg likar karameller i ein mjuk og seig variant, slik som denne.

Pepperkaker

[dropcap]D[/dropcap]ei krydra og søte små kjeksa som vi alle er så glad i. Utan pepperkaker synest eg ikkje det blir heilt jul, så då er det klart at dei må bakast og fyllast opp i kakeboksen til jul.

Mozartkuler

[dropcap]N[/dropcap]ok ei oppskrift på ein søt liten fristelse som passar fint til juletida. Desse små mozartkulene har eit tynt lag med mørk sjokolade utanpå, seig og god pistasjmarsipan inni og ein liten bit søt nougat i midten.

Sarah Bernhardt

[dropcap]D[/dropcap]esse små konfektkakene høyrer garantert med til julebaksten i mange heimar som også her i huset. Eg har laga desse godbitane til kvar jul dei siste åra og synest dei er like gode kvar gong. Sarah Bernhardt-kakene består av ein seig mandelbotn med ein smørkrem med mokkasmak og eit tynt […]

Lakriskarameller

[dropcap]L[/dropcap]akris er ein av mine favorittar når det kjem til snop og søtsaker. Både søt og salt lakris går ned på høgkant og har den seig karamell eller fudge-konsistens i tillegg er det enda bedre. Oppskrifta på desse seige lakriskaramellene er veldig enkel og tek ikkje lange stunda å lage.