Av og til får eg akutt lyst på nysteikte, seige og søte cookies og må berre gi etter for lysta. Ekstra godt synest eg det er om eg får med havregryn som gir den nøttete smaken og litt konsistens til kjeksa. Dei har sprø overflate og kantar, medan dei framleis […]
Kaker & Dessert
Franske makronar med Nutella & havsalt
Ein av mine største svakheiter når det kjem til søtt er franske makronar i alle moglege smakar. Desse har eg laga med hasselnøtter og fylt med ein smørkrem med det populære pålegget Nutella og havsalt. Kombinasjonen søtt og salt slår aldri feil. Etter fleire år med baking av desse på […]
Kvit sjokolademousse med granola & skogsbær
[dropcap]S[/dropcap]yndig søt og frisk dessert med knasande kontrast er det alltid rom for. Denne desserten smakar akkurat passe mektig med søt og luftig kvit sjokolademousse mot frisk smak av norske bær og knasande havre-granola som gir tyggemotstand og konsistens.
Saftig krydderkake med karamell-osteglasur & sjokolade-smørkrem
[dropcap]E[/dropcap]i saftig kake med god smak av krydder og eit lag med søt og frisk glasur slår alltid an på eit kakebord. Denne med gulrot i røra blir ekstra saftig og får ekstra god smak med to ulike typar glasur. Noko for både sjokolade-og krydderglade personar blir sjeldan feil.
Kirsebærmousse-brownie
[dropcap]K[/dropcap]irsebær er fantastisk smakskombinasjon saman med sjokolade og gir ein frisk og søt smak til mektig brownie. Så har du lyst på ein sommar-variant av brownie, er dette absolutt verdt å lage.
Lakris-ostekake med rabarbrasirup
Syndig gode ostekaker med smak av lakris og rabarbra er eit nytt tilskot i ostekake-samlinga. Den litt skarpe lakris-smaken funkar supert saman med søt og syrleg rabarbra og kjeks.
Saftig 17. mai-kake med bringebær & ostekrem
Ei knallraud kake med ferske bær og frisk ostekrem er passande kake til 17.mai-feiringa. Dette er ei “red velvet”-kake som har fått litt ekstra frisk smak av bringebær og pynta i raudt, kvitt og blått.
Sjokolademakron med kaffe-smørkrem
[dropcap]D[/dropcap]et er omtrent to år sidan sist eg laga franske makronar, og du store min så godt eg hadde gløymt at dette er! Knasande sprø utside, seig innside, mjukt fyll og smakskombinasjon av sjokolade og kaffe – det blir knapt betre!
Rocky road-brownie
[dropcap]B[/dropcap]rownie med Kvikk Lunsj, salte pistasjnøtter og mini-marshmallows tilfredsstiller søtsuget samtidig som du får smaken av det salte. Kaka er garantert å få bein å gå på!
Sjokoladekake med gulrot
[dropcap]S[/dropcap]aftig og smakfull kake med gulrot, ostekrem og sjokolade-ganache som renn nedover sidene er perfekt for ein kakemons. Kaka er ei slags krysning mellom gulrotkake og sjokoladekake, så her får du alt i eitt.