Sandwich med persimon, brie & bacon

i9yxkqqst2adwoqbz4za_thumb_6475

Når ein ikkje verken har tid eller lyst til å lage eit stort måltid og må ha noko lite og enkelt å ete er ein varm sandwich perfekt. Denne består av pannestekte skiver med søt persimonfrukt, sprøstekte baconskiver og smelta brie. Enkelt og smakfullt lite måltid som tek kort tid å lage!

Fortsett å les «Sandwich med persimon, brie & bacon»

Sandwich med blåmuggost, pære & spekeskinke

dsc00942

Ein smakfull sandwich med masse godt pålegg er skikkeleg snadder til helgelunsjen eller når du berre har lyst på litt ekstra god kveldskos. Smaken av blåmuggost saman med søte pærer og salt spekeskinke utgjer eit nydeleg sandwichfyll og bør absolutt prøvast ut!

Fortsett å les «Sandwich med blåmuggost, pære & spekeskinke»

Brød med ertehummus & spekeskinke

DSC00760

Den kjipe brødskiva med svett gulost er vi for lengst lei av og vil ha nye og meir spennande alternativ til. Denne sandwichen, brødblingsen, smørbrødet eller kva enn du vil kalle det er eit friskt innslag i frukost- og lunsjmenyen. Frisk ertehummus, spekeskinke og litt olivenolje gjer brødmaten innbydande, sunn og spennande.

Fortsett å les «Brød med ertehummus & spekeskinke»