Smårettar & Snacks

Heimelaga pasta

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga pasta heilt frå botnen av kan ikkje samanliknast med ferdig kjøpepasta. Konsistensen blir mjuk og fyldig og det smakar rett og slett like ferskt som det er.

Ramsløkpesto

[dropcap]R[/dropcap]amsløk er ei vårplante med store breie blad som luktar kraftig av kvitløk. Smaken er allikevel mildare enn vanleg kvitløk og gir ein fin smak i for eksempel pesto.

Påskemat

[dropcap]P[/dropcap]åske er tid for familiehygge, hyttekos og gode måltid med dei ein har rundt seg. For dei aller fleste inneheld påska både lammekjøt, suksessterte, egge-rettar, god gjærbakst og masse søtsaker. Her er det samla saman eit lite knippe med gode oppskrifter på rettar som passar perfekt til påskekosen.

Brokkolisalat med granateple & spekeskinke

[dropcap]B[/dropcap]rokkolisalat er ein spennande salat som passar like godt som hovudmåltid som tilbehør til kjøt-eller fiskerettar. Salaten har mellom anna sprø brokkoli, friske granateplekjerner, sprøsteikt spekeskinke og ein krema dressing med crème fraiche.

Mangolassi

[dropcap]L[/dropcap]assi er ein indisk yoghurt-basert drikk som blir servert som forfriskning i varmen. Lassi er også vanleg å servere saman med eit måltid og kan lagast både i søt og salt versjon. Mangolassi er som ein smoothie og smakar søtt og friskt.

Bananvafler

[dropcap]A[/dropcap]tter ein gong låg det godt overmodne bananar med brunflekkete skal i fruktskåla og eg måtte prøve å bruke dei til noko godt. I morgon er det den store vaffeldagen, og då vart det utgangspunktet for ei ny oppskrift. Bananvafler er saftige, mjuke og smakar nydeleg med kesam og fersk […]

Glutenfrie pizzabollar

[dropcap]N[/dropcap]år ein treng turmat eller kosemat til kvelden i helga er pizzabollar eit perfekt val. Desse er glutenfrie slik at dei som har glutenallergi eller intoleranser også kan nyte heimelaga pizzabakst.