søtsaker

Franske makronar med Nutella & havsalt

Ein av mine største svakheiter når det kjem til søtt er franske makronar i alle moglege smakar. Desse har eg laga med hasselnøtter og fylt med ein smørkrem med det populære pålegget Nutella og havsalt. Kombinasjonen søtt og salt slår aldri feil. Etter fleire år med baking av desse på […]

Sjokolademakron med kaffe-smørkrem

[dropcap]D[/dropcap]et er omtrent to år sidan sist eg laga franske makronar, og du store min så godt eg hadde gløymt at dette er! Knasande sprø utside, seig innside, mjukt fyll og smakskombinasjon av sjokolade og kaffe – det blir knapt betre!

Rocky road-brownie

[dropcap]B[/dropcap]rownie med Kvikk Lunsj, salte pistasjnøtter og mini-marshmallows tilfredsstiller søtsuget samtidig som du får smaken av det salte. Kaka er garantert å få bein å gå på!

Flødebolle med kaffi

Danske flødeboller er små søte godsaker med ein botn av marsipan eller kjeks, sukkerskum med eller utan smakstilsetjing og eit sjokoladetrekk utanpå. I denne har eg brukt marsipan i botnen og fylt med eit herleg kaffiskum som er dekt av mørk kokesjokolade.

Eplesmør

[dropcap]E[/dropcap]plesmør er overraskande godt og smakar nesten som karamellisert eplemos. Eplesmør inneheld ikkje smør i det heile, men har derimot smørekonsistens som smør og er nydeleg godt på brødskiva.

Påskemat

[dropcap]P[/dropcap]åske er tid for familiehygge, hyttekos og gode måltid med dei ein har rundt seg. For dei aller fleste inneheld påska både lammekjøt, suksessterte, egge-rettar, god gjærbakst og masse søtsaker. Her er det samla saman eit lite knippe med gode oppskrifter på rettar som passar perfekt til påskekosen.

Kvepsebol

[dropcap]K[/dropcap]akebokser som skal fyllast til jul betyr ein heil del eksperimentering og smaking på diverse søtsaker. Med nokre eggekviter til overs og ein forkjærleik for lakris, sjokolade og nøtter så blei desse marengskjeksa til. Kvepsebol som dei så fint heiter er små kjeks av marengs som er fylte med bitar […]

Krydra bjørnebærsyltetøy

[dropcap]D[/dropcap]ette syltetøyet av bjørnebær er krydra med gode aromatiske krydder som stjerneanis, kanel og vanilje og er herleg både som pålegg på gjærbakst eller til dessertar og gode ostar.

Seige emmerkjeks med sjokolade

[dropcap]E[/dropcap]mmer er eit urgammalt kornslag og er også ein av forfedrene til spelt. Emmer er rikt på fiber og gir ein relativt mørk farge og meir intens smak enn vanleg kveite. Desse kjeksa får ein litt grov utsjånad utan at det “smakar sunt”og er etter mi meining heilt nydelege. Kjeksa […]

Eplegelè med rosmarin

[dropcap]E[/dropcap]plegelè er nydeleg som tilbehør til ost og kjeks eller som pålegg på brødskiva. Dei norske epla gir ein herleg smak og ein nydeleg fin farge til gelèen, så her gjeld det å bruke epla medan ein framleis kan!